Detaljer
Bedrift
Surnadal kommuneSøknadsfrist
01.03.2021Sted:
SURNADALStillingstype:
Skift/turnusBransje:
Politi, brann og tollUtdanningskrav:
PåkrevetArbeidserfaring:
ØnskeligFylke:
MØRE OG ROMSDALArbeidssted:
SURNADALLand:
NOAntall stillinger:
1karriere-kode:
3446642Se her for andre jobber fra Surnadal kommune
Ferievikarar 2021 - Heimetenesta
Vi treng ferievikarar i perioden 21.06.21 - 22.08.21, dvs veke 25 til og med veke 33.
Den som blir tilsett må vere fylt 18 år ved oppstart i ferievikariat.
Det er viktig at du oppgjev i søknaden når du kan arbeide og om du sjølv skal ha ferie i perioden.
Ferievikarar som kan arbeide heile perioden vil bli prioritert.
Faste tilsette i Surnadal kommune som har deltidsstilling og som kan tenkje seg ferievikariat treng ikkje å søkje, men kan ta kontakt direkte med einingsleiar Annett Ranes.
Kvalifikasjonar/utdanning.
Vi treng sjukepleiarar og sjukepleiestudentar, vernepleiarar og vernepleiestudentar, hjelpepleiarar, omsorgsarbeidarar, helsefagarbeidarar og assistentar.
På grunn av arbeidsoppgåvene må du kunne kommunisere tilfredsstillande på norsk, både muntleg og skriftleg.
Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, skal leggast fram før oppstart.
Førarkort kl.B er nødvendig for dei fleste arbeidsoppdraga.
Vi ønskjer oss ferievikarar som:
- har gode samarbeidsevner og er rause og inkluderande
- kan arbeide sjølvstendig og systematisk
- har god arbeidskapasitet
Vi tilbyr:
- opplæring og rettleiing
- ordinære kommunale tilsettingsvilkår og lønn etter tariff
- godt arbeidsmiljø og trivelege kollegaer
- Karriere Jobbmatch
- Bedrifter ser relevante kandidater
- Kom i kontakt og motta jobbtilbud
- Du velger selv din synlighet
- Over 90.000 registrerte kandidater