• Bedrift
    Austevoll kommune
  • Søknadsfrist
    02.05.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5392, STOREBØ
    AUSTEVOLL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3545219
  • Se her for andre jobber fra Austevoll kommune
  • Oppdatert 08.04.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Austevoll kommune

Ferievikar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Helse og omsorg er ei eining med om lag 200 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår pleie - og omsorgstenester, helseservicekontor, legetenesta, jordmortenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta, Eidsbøen bufellesskap, NAV og psykisk helse/rus/kreftomsorg. Helse og omsorg har som mål å fagleg leggje til rette med tenester tilpassa den einskilde sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv.

 

Har du lyst på ein spanande sommarjobb der du jobbar sjølvstendig og i team saman med dyktige kollegaer ?

Austevoll pleie – og omsorgssenter og heimetenesta søkjer etter ferievikarar i perioden 14.06 – 08.08.21

Nye søkjarar må vera budd på å arbeide minimum 4 veker eller meir i denne perioden.

Vi treng sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og andre vikarar utan helsefagleg bakgrunn som kan arbeide i turnus med arbeid på dag/ kveld og helg. Opplæring vert gjeve.

Alle nye søkjarar må ha gyldig politiattest som ikkje er eldre enn 3 månader. Arbeidsgjevar legg til rette, og sender ut stadfesting av behov for politiattest ved tiltreding.

 

Austevoll Pleie og omsorgssenter
Ansvars- og arbeidsoppgåver: 

  • Yte helsehjelp til bebuar med nedsett funksjonsnivå etter gjeldande lovverk. 

Austevoll Heimeteneste:
Ansvars- og arbeidsoppgåver:

  • Yte praktisk bistand og heimeteneste i tråd med gjeldande lover, vedtak og rutine. Samarbeid med kollegaer, pårørande og eksterne samarbeidspartnarar. 
  • Det er eit krav at alle som arbeidar i heimetenesta har førarkort

Personlege eigenskapar for alle stillingar:
Du må ha evne til:

  • Samarbeid, fleksibilitet, kreativitet og serviceinnstilling.
  • Å jobbe målretta og vere lojal ovanfor arbeidsplassen sine vedtak, rutine og mål.
  • Å bidra positivt i arbeidsmiljøet.
  • God kommunikasjon, og det er krav om at ein mestrar norsk munnleg og skriftleg.

Vi tilbyr:

  • Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt fagmiljø
  • Spanande utfordringar
  • Løn etter kvalifikasjonar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 Ta gjerne kontakt for å få vite meir om kva dette innebere. Søkjarar vert vurdert fortløpande og bli kontakta. 

 Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

 

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

 

  • Bedrift
    Austevoll kommune
  • Søknadsfrist
    02.05.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5392, STOREBØ
    AUSTEVOLL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3545219
  • Se her for andre jobber fra Austevoll kommune
  • Oppdatert 08.04.2021