Detaljer

  • Bedrift
    Seljord kommune
  • Søknadsfrist
    23.09.2019
  • Sted:
    SELJORD
  • Stillingsfunksjon:
    Helsepersonell
  • Stillingstype:
    Heltid
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    TELEMARK
  • Arbeidssted:
    Fyresdal, Kviteseid, Nissedal, Seljord, Tokke
  • Land:
    Norge
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    2010873
  • Se her for andre jobber fra Seljord kommune

Fem kommunar i Vest-Telemark søkjer Psykologspesialist eller psykolog

Fem kommunar i Vest-Telemark søkjer etter

Psykologspesialist eller psykolog med ynskje om spesialisering innan klinisk samfunns –og allmennpsykologi


Som fylgje av nasjonal satsing innan psykisk helse og rus er det oppretta to 100% psykologstillingar i regionen. Ei av desse stillingane er ledig for tilsetjing.

Vest-Telemarkkommunane er utviklingsorienterte og søkjer etter psykologar som vil vera med i utviklinga av tenestene. Kommune har definert barn og unge som særskilde satsingsområde.

Det vert lagt vekt på fylgjande arbeidsområde for psykologstillingane:

  • Plan og utviklingsarbeid
  • Tverrfagleg arbeid, både primærførebyggjande og oppfølging i enkelt saker
  • Rettleiing av faggrupper/ profesjonar
  • Klinisk arbeid

Prioritering og organisering av arbeidet vil føregå i dialog mellom den psykologen som blir tilsett og kommunane, og vera forankra i samarbeidsavtale mellom kommunane i regionen.

Psykologane vil få tilbod om kompetanseutvikling og deltaking i lokale fagnettverk, enten i regi av spesialisthelsetenesta og/ eller psykologar i andre kommunar, samt rettleiing, individuelt eller i gruppe. Det vert gjeve konkurransedyktig løn og medlemskap i kommunal pensjonsordning. Dersom søkjar ikkje har gjennomført spesialisering, vil det ved tilsetjing bli lagt til rette for spesialisering innan klinisk samfunns –og allmennpsykologi.

Søkjar må ha førarkort, bil vert stilt til disposisjon i arbeidstida. Det er krav om politiattest før tilsetjing.

For meir informasjon om stillingane kontakt samhandlingskoordinator Kari Gro Espeland samhandling@seljord.kommune.no tlf.99 53 95 15

Informasjon om kommunane i regionen er tilgjengeleg på www.fyresdal.kommune.no www.kviteseid.kommune.no www.nissedal.kommune.no www.seljord.kommune.no www.tokke.kommune.no

Søknad sendast post@seljord.kommune.no innan 23.09.19.

Velkommen som søkjar!


 
Prøv en stillingsannonse på karriere.no
  • 70.000+ unike brukere/mnd
  • Over 70.000 CVer registrert
  • Motta alle søknader ett sted
  • Integrasjon Nav, Finn og lokalaviser
  • Annonsering i sosiale medier