Detaljer

  • Bedrift
    Austevoll kommune
  • Søknadsfrist
    27.09.2020
  • Sted:
    STOREBØ
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    STOREBØ
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    3146176
  • Se her for andre jobber fra Austevoll kommune

Feiar

Utvikling og forvaltning er ei eining med om lag 35 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår servicekontor, kultur- og næring, folkehelse og frivilligarbeid, plan- og byggesak, FDV (forvaltning, drift og vedlikehald), brann/redning/beredskap, utbyggingsprosjekt og Austevollbadet.  

Austevoll kommune har ledig 100 % fast stilling som feiar.

Arbeidsstad

Brann og redning har 23 tilsette og held til på brannstasjonen i Porsdalen. Det er 3 faste stillingar og ein deltidstilsett i 40 %, i tillegg til 20 deltidstilsette i beredskap. Førebyggjande avdeling har ansvar for feiing og tilsynsmynde. Vi arbeider for tida med ny brannordning og er i stadig utvikling for å møta nye utfordringar og oppgåver.

Ansvars- og arbeidsområde

  • Gjennomføre feiing og tilsyn av fyringsanlegg
  • Bruk av it- systemet Komtek.
  • Ansvar for kjørety og materiell i eininga
  • Sakshandsaming før og etter gjennomført feiing og tilsyn
  • Delta i informasjonsarbeid internt og eksternt
  • Etterleve verksemda sitt HMT system.

Ønska kvalifikasjonar

  • Fagbrev/fagskule/svennebrev som feiar
  • Krav til førarkort minimum klasse B
  • Gode norsk kunnskapar både munnleg og skriftleg
  • Relevant praksis frå fagfeltet er ønskeleg
  • Gode datakunnskapar

Søkjar må vere personleg eigna til stillinga. Vi søkjer deg som kan vere ein god omdømmebyggjar for faget og for kommunen som tenesteleverandør, du må kunne arbeida sjølvstendig og i team, vidare må du ha

  • interesse for faget
  • gode samarbeidsevner.
  • gode  kommunikasjonsevner

Vi tilbyr:

  • Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og  positivt fagmiljø
  • Spanande utfordringar
  • Løn etter kvalifikasjonar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Det er ønskelig at den som blir tilsett vil ved ledig stilling i beredskap kunne kurses opp og inngå som brannmannskap.

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.