• Bedrift
    Samnanger kommune
  • Søknadsfrist
    30.06.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5650, TYSSE
    SAMNANGER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4621499
  • Se her for andre jobber fra Samnanger kommune
  • Oppdatert 04.06.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Samnanger kommune

Fastlegevikariat, 0-avtale

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Svært attraktivt vikariat i allmennpraksis ved Samnanger legekontor. Stillingen er ledig for deler av eller heile perioden 01.08.2022 - 31.07.2023. Legen jobbar med næringsinntekt og heilt utan driftsutgifter. 60 - 100 % stilling.

Legekontoret ligg ca. 40 minutt køfri køyring frå Bergen sentrum, Nesttun eller Os.

Dette er ein unik jobbmoglegheit for deg som vil jobba som fastlege, og kunne ha moglegheit til å arbeide deltid for å ha nok tid til både pasientar og familie/fritid. Dette er fastlegepraksisen du slepp å drifta sjølv, ettersom kommunen har teke på seg dette ansvaret.

Praksisen er veldriven og innarbeidd i trivelege og tenlege lokaler ved Samnanger helsetun. På helsetunet er ein samlokalisert med fysioterapi, kommunepsykolog, helsestasjon og jordmor.  Lokala er relativt nye, og utforma spesielt for legekontor.

I Samnanger kommune er det 4 legeheimlar, med tilsaman 200 % kurative legeårsverk, i tillegg til kommunale deltidsstillingar. Me har tre stabile og svært flinke hjelpepersonell med til saman 220 % stillingsressurs, der ein er leiande helsesekretær og ein er sjukepleiar.

Legekontoret nyttar Infodoc Plenario journalsystem, og har velutvikla elektronisk kommunikasjon med samarbeidspartnarar. Velutstyrt laboratorium med EKG, spirometri, 24 timars BT-apparat og doppler.

Samnanger kommune driftar legekontoret vederlagsfritt, og legane driv si eiga næring. Den enkelte lege beheld såleis trygderefusjonar og eigenandelar i sin heilskap. Samnanger kommune beheldt procapitatilskotet. Legen slepp dermed å bruka tid og krefter på å drifta legekontoret, men kan konsentrera seg om å vera lege.

Me legg vekt på godt arbeidsmiljø og gode samarbeidstilhøve så vel innad på helsetunet, som med andre einingar i kommunen. Spesielt kan ein nevna det gode samarbeidet med sjukeheimen, heimetenesta, fysioterapi og kols- og diabetesteam. I kommunen har ein og ressurssjukepleiarar innanfor palliasjon, kreftomsorg og demens. Kommunen har eigen velutstyrt og godt bemanna First Responder bil som hentar og bistår legen ved utrykning.

Me har samarbeid med Bjørnafjorden kommune om legevaktsarbeid på ettermiddag, natt og helg. Vaktstasjonen er lokalisert i Bjørnafjorden kommune (Os/Moberg). Dette er ei veldreven legevakt der vaktene blir delt på legane i Bjørnafjorden og Samnanger. På dagtid på kvardagar har legane i Samnanger vaktfunksjon i eigen kommune/på eige kontor (frå kl. 08.00-16.00). 

 

Arbeidsoppgåver

  • Fastlege: 3,5 dag i kurativ, open uselektert praksis, men med moglegheit for meir om ynskjeleg
  • 20-40 % kommunal sjukeheimslege
  • Deltaking i kommunen sin legevaktsordning. Interkommunal legevakt er lokalisert i Bjørnafjorden. Her er det moglegheit for ekstravakter eller lågare vaktbelasting etter ynskje.


Kvalifikasjonar

  • Fortrinnsvis lege med spesialisering i allmennmedisin, ferdig eller (planlagt) påbegynt. Lege utan ferdig eller påbegynt spesialist kompetanse er også velkomen til å søkja
  • Fullført LIS1-teneste/turnusteneste
  • Krav om politiattest i tråd med helsepersonellova


Personlege eigenskapar

  • Personleg eignaheit og samarbeidsevne vert vektlagt
  • Søkjarar må ha norsk autorisasjon
  • God språkforståing og formidlingsevne

Me tilbyr

  • 8.2. avtale. Det vil sei at fastlegen beheld eigenandelar og refusjonar i si heilheit mot at kommunen beheld basistilskotet som leige for kontor, utstyr, forbruksartiklar, løn til helsesekretær m.v
  • Tilsetjing med fastløn kan og vurderast dersom ynskjeleg
  • Godtgjersle for deltaking i kommunal ordning for øyeblikkeleg hjelp på dagtid
  • Økonomisk stønad til kursdeltaking
  • Dersom du ikkje er spesialist får du vilkår for ALIS i næring med praktisk og økonomisk stønad til rettleiing og gjennomføring av spesialiseringa
  • Kommunen er registrert utdanningsinstitusjon
  • Moderne og trivlege lokaler ved Samnanger helsetun
  • Moglegheit for heimekontor
  • Stor grad av fleksibilitet når det gjeld varigheit av vikariatet
  • Tilsetjing/inngåing av privat avtaleheimel skjer elles på dei vilkår som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglement og avtalar
  • Tilsette blir meldt inn i KLP, og med offentleg tenestepensjon får dei ein av Norges beste pensjonsordningar. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring

Har du nokre spørsmål eller ynskjer meir informasjon om stillinga, ta kontakt for ein uforpliktande samtale. Søknader blir vurdert fortløpande.

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden. 

Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

 

 

  • Bedrift
    Samnanger kommune
  • Søknadsfrist
    30.06.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5650, TYSSE
    SAMNANGER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4621499
  • Se her for andre jobber fra Samnanger kommune
  • Oppdatert 04.06.2022