• Bedrift
    Kvam Herad
  • Søknadsfrist
    03.05.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Spesiell sertifisering
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5600, NORHEIMSUND
    KVAM
    Norge
  • Antall stillinger
    3
  • karriere-kode
    6592513
  • Se her for andre jobber fra Kvam Herad
Ledig stilling

Kvam Herad

Legetenesta, Kvam herad

Fastlegar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du bli ein del av vårt fagmiljø?

Kvam herad har ledig tre fastlegeheimlar i Kvam herad frå august/september. Stillingane er ved Norheimsund legesenter og Helsebanken legekontor.

Som fastlege i Kvam blir du ein del av eit kollegium på 11 fastlegar. Du får høve til å følgja pasientane dine over tid, du møter folk i alle aldrar, frå alle samfunnslag og i alle fasar av livet. Fastlegen er viktigare enn nokon gong i den kommunale helse og omsorgstenesta, og for samhandlinga med alle deler av helsetenesta. 

Om legekontora

Legekontoret i Norheimsund er eit kommunalt legekontor med eit ungt fagmiljø. Her arbeider 5 legar, erfarne og dyktige sjukepleiarar og helsesekretærar. Legekontoret har både næringsdrivande og fastlønna legar og er lokalisert i Norheimsund sentrum. Det er fleire allmennlegar i spesialisering ved kontoret, og det er difor behov for spesialist i allmennmedisin til dagleg supervisjon og medisinsk fagleg ansvar.

Helsebanken legekontor ANS ligg i Øystese og er ein veldriven 6-legepraksis i moderne lokale i Hardangerbadet. Alle legane ved kontoret er spesialistar i allmennmedisin, og du vert ein del av eit sterkt fagleg og sosialt fellesskap. Her arbeider erfarne og dyktige hjelpepersonell, og du har eigen sjukepleiar tilknytt lista di. Legekontoret ligg sentralt i Øystese/Haranger, begge kontora har om lag 75 minutt køyretid frå Bergen Her lyt ein kjøpe andel av inventar/utstyr/maskinpark.Helsebanken ynskjer primært legar i næringsdrift, men det kan også opnast for vikariat med fastløn.

Det er viktig å presisere at ein i kommunen ikkje tilkjem goodwill/verdi av opparbeida praksis ved overdraging av liste i næringsdrift.

Legekontora nyttar journalsystemet Webmed. Kontoret er tilknytt Norsk Helsenett, og nyttar e-resept og elektronisk kommunikasjon med andre kommunale helse og omsorgstenester og spesialisthelsetenesta. Bruk av e-konsultasjon, e-kontakt og timebestilling via digital dialog med fastlege på helsenorge.no. 

me har godt utstyrt laboratorium, EKG, spirometri og 24 timars-blodtrykksmåling. Ultralydapparat tilgjengeleg. Kontora har interne fagmøter/smågruppemøter kvar veke. 

 

Arbeidsoppgåver

Kurativt legearbeid i fastlegeordninga

Dei tre listene er mellom 750-900 pasientar pr liste. Me er opne for å diskutera andre listelengder. 

Deltaking i legevakt

Fastlegane i Kvam deltek i kommunal legevaktsordning. Arbeid på legevakt er fastlønna. Kvam legevakt disponerer to velutstyrte legevaktsbilar for legane, også på dagtid. Fastlegekontora har daglegevaktfunksjon mellom kl 08.00 og 15.30. 

Arbeid på legevakt kjem i tillegg til fastlegearbeidet. Legevakt er heimevakt med faste tidspunkt der legen skal vera til stades på legevaktstasjonen i Norheimsund. Det er inngått lokal særavtale.

Andre aktuelle oppgåver:

  • Rettleiing av legar i utdanningsstillingar og/eller studentar
  • Kommunen har behov for fastlegar til lovpålagde kommunale allmennlegeoppgåver og ynskjer å sørga for ei jamn fordeling av slike oppgåver mellom alle fastlegane. Me ynskjer å inngå avtalar om dette, men viser også til fastlegeforskrifta § 12 om at fastlege i fulltidspraksis kan verta pålagt å delta inntil 7,5 timer per veke i andre allmennlegeoppgåver i kommunen. 

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som lege (opplys om HPR-nummer )
  • Godkjent turnusteneste
  • Spesialistgodkjenning i allmennmedisin er ynskjeleg
  • Gode fagkunnskapar og ferdigheiter
  • Legen må kunne ta del i interkommunal og kommunal legevakt
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Førarkort klasse B, gjerne kode160
  • Politiattest er krav ved tilsetting, men skal ikkje sendast ved søknaden

Personlege eigenskapar

Me søkjer deg som:

  • Er triveleg og omgjengeleg, og ein god samarbeidspartner i kollegiet
  • Har engasjement for allmennmedisin, og ønskjer å bidra til å utvikle fastlegeordninga i Kvam
  • Trivst med akuttmedisin og legevakt
  • Har god kunnskap om faglege retningslinjer, og utfører arbeidet i tråd med desse
  • Møter pasientar på ein respektfull måte, og kommuniserer godt med pasientar

Om driftsformer

Ønskjer du fastlønn eller næringsdrift?

Kommunen er open for ulike driftsformer i det kommunale legekontoret: 

  • Næringsdrift 
  • Fastlønnsavtale med insentivordning (20% av refusjonsinntekter og eigenandelar)
  • Legar som ønskjer fastlønn under spesialiseringsløpet kan, om dei ønskjer, inngå avtale om næringsdrift ved fullført spesialisering. 

Kommunen er godkjend som utdanningsverksemd, og vil organisera spesialiseringsløp i allmennmedisin (ALIS) for søkjarar som ikkje allereie er spesialist.

 Ta gjerne kontakt med våre kontaktpersonar Ingunn, Ramona eller Ragnar som kan fortelja meir om korleis det er å jobba som fastlege i Kvam!

Om kommunen vår

Kvam herad har om lag 8500 innbyggjarar. Kommunen strekkjer seg langs vestsida av Hardangerfjorden. Det er godt kollektivtilbod til Bergen. Reisetid til Bergen sentrum er 1 time og 15 minutt. Her kan du lesa meir om korleis det er å flytta til Kvam: https://www.kvam.no/velkomen-til-kvam/dragning-til-kvam/

Kommunen har ei velfungerande helse- og omsorgsteneste, med institusjonar innan heildøgns omsorg og pleie fleire stader i kommunen. Kommunen har legesenter i Øystese og Norheimsund, og utekontor i Strandebarm. Ved Kvam behandlings- og rehabiliteringsavdeling har kommunen eiga KAD-seng, og tek i mot pasientar frå sjukehus for rehabilitering og ferdigbehandling. Kommunen satsar på heimetenestene, og i tråd med "Bu trygt heime"-reforma vil kommunen leggje til rette for at eldre skal bu heime lengst mogeleg. Fastlegen er viktig i dette arbeidet. 

Kvam herad har tilsett kommunepsykolog for vaksne og kommunepsykolog for barn og unge. Me har dyktige tilsette i rus- og psykiatriteneste. Kommunen har eiga barnevernteneste, PP-teneste, og familiesenter for rådgjeving av familiar. Kommunen har saman med fleire kommunar eit samarbeid om tilsette ernæringsfysiologar. Det er fleire fysioterapiinstitutt i kommunen. 

Generell informasjon:

Søknadar må sendast via Webcruiter for å verta registrert på utlysingssaka

I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta

Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i folkesetnaden. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne.   

 

  • Bedrift
    Kvam Herad
  • Søknadsfrist
    03.05.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Spesiell sertifisering
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5600, NORHEIMSUND
    KVAM
    Norge
  • Antall stillinger
    3
  • karriere-kode
    6592513
  • Se her for andre jobber fra Kvam Herad