Bedrift
Surnadal kommuneSøknadsfrist
18.04.2022Ansettelsesform
workTime.Skift/turnusBransje
Politi, brann og tollUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6650, SURNADAL
SURNADAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4133387Se her for andre jobber fra Surnadal kommune
- Oppdatert 03.03.2022
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Surnadal kommune
Sjukepleiestillingar ved Surnadal sjukeheim
Politi, brann og toll
SURNADAL SJUKEHEIM HAR LEDIGE SJUKEPLEIESTILLINGAR
Vi har ledig faste stillingar og vikariat.
Stilingane inngår i turnus. Vi har ulike vaktlengder og arbeid anten 3.kvar eller 4.kvar helg. Dei som arbeider 4.kvar helg har langvakter på 12,5 timar.
Alle søkarar blir invitert til samtale.
Eksterne søkjarar (dvs. ikkje noverande tilsett i Surnadal kommune) som får tilbod om sjukepleiarstilling ved Surnadal sjukeheim, får utbetalt lønn i 100% stilling som tilsvarar lønn med 10 års ansiennitet. Eksterne søkjarar som har meir enn 10 år ansiennitet frå tidlegare, vil få ei individuell vurdering i tråd med gjeldande avtaleverk ved tilsetting.
Hos oss har vi stort fokus på:
- fagutvikling
- kvalitet i tenestene
- velferdsteknologi
- aktivitetar
- matglede
- refleksjon
Vi søkjer etter:
- sjukepleiarar med autorisasjon
- vi ønskjer oss både erfarne og nyutdanna, også deg som avsluttar sjukepeleieutdanninga våren 2022
- du må kunne kommunisere godt på norsk og ha god skriftleg framstillingsevne med tanke på dialog og dokumentasjon
Arbeidsoppgåver:
- oppgåver og ansvar i samsvar med utdanninga som sjukepleiar
- stell og pleie
- samhandling og tverrfagleg samarbeid
- veiledning og opplæring
- observasjon og dokumentasjon
- bruk av fagsystem, velferdsteknologi og digitale verktøy
Personlege eigenskapar:
Du er fagleg dyktig og engasjert i arbeidet ditt og er i stand til å ta ansvar og vere handlekraftig når det trengs. Du er endringsvillig og fokusert på å finne løysingar, noko som inneber at at du er fleksibel. Godt humør og gode samarbeidsevner er gode ferdigheiter vi sett pris på hos arbeidstakarane våre.
Det er eit vilkår for tilsetting at det blir lagt fram tilfredsstillande politiattest. Denne skal ikkje vere eldre enn 3 månader.
Vi kan tilby:
- fagleg utvikling
- godt arbeidsmiljø
- lønn etter gjeldande avtaleverk og kommunale tilsettingsvilkår
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- turnus med mogleg individuell tilpassing
- flyttegodtgjersle i hht kommunen sin personalplan
Vår visjon: Vi skal vere ein aktiv institusjon der kvar enkelt er verdifull!
Følg oss på Facebook: facebook.com/surnadalsjukeheim
Bedrift
Surnadal kommuneSøknadsfrist
18.04.2022Ansettelsesform
workTime.Skift/turnusBransje
Politi, brann og tollUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6650, SURNADAL
SURNADAL
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
4133387Se her for andre jobber fra Surnadal kommune
- Oppdatert 03.03.2022