Ledig stilling

Norsk rikskringkasting AS

Fast stilling som nettjournalist i P3

Radio- og TV-selskaper

P3.no er i medvind – aldri før har så mange lese journalistikken vi lager for unge vaksne i Noreg. No treng vi ein journalist i fast stilling og ein i eit lengre vikariat i vår nettredaksjon på Tyholt i Trondheim, til å lage god og meiningsfylt eigenjournalistikk som når unge på nettet.

Journalistikken på P3.no famnar om eit breitt spekter av innhald og forsøker å vise ei litt anna side enn andre medium. Vi tek oss tid til å dykke ned i tema som dei unge er opptekne av eller nysgjerrige på, og set kvalitet og visuelle verkemiddel høgt. Vi leiter etter deg som har ei dokumentert evne til å finne eigne idear og som vil skrive viktige saker for å nå eit ungt publikum. Du har ein tanke om korleis vi kan bli betre, du har ei interesse for ung kultur og det som rører seg i samfunnet, og du veit kvar du finn dei unge på nett.

Legg ved lenke til to arbeidsprøver som viser kvifor du er kvalifisert til stillinga.

Snarleg oppstart er ønskeleg på begge stillingar. Vikariatet går til 23.05.2023.

Kvalifikasjoner:

  • Godt språk og god penn
  • Erfaring med å jobbe redaksjonelt
  • Interesse for og kunnskap om korleis unge brukar nett og sosiale medium
  • Innsikt i og ønske om å forstå kva unge i Noreg er og bør vere opptekne av
  • Annan kompetanse, som lyd, video og foto er topp, men ikkje eit krav  

Personlige egenskaper:

  • Du er god til å samarbeide
  • Du er ansvarleg og liker å ta initiativ
  • Du kommuniserer på ein klar, presis og oppmuntrande måte til dei rundt deg
  • Du jobbar godt og målretta med både større og mindre arbeidsoppgåver
  • Du liker å jobbe for å oppnå mål og resultat
  • Du klarar å prioritere
  • Du er idérik

Vi tilbyr:

  • Eit sosialt og spennande arbeidsmiljø
  • Samarbeid med nokre av dei største og beste redaksjonane og produksjonane i NRK og P3
  • Erfaring med fleirmedialt arbeid
  • Løn etter lønsnivå og avtaleverk i NRK

Vikariatet: Snarleg oppstart, til 23.05.2023.
Fast stilling: Snarleg oppstart