• Bedrift
    Aukra kommune
  • Søknadsfrist
    12.03.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5015855
  • Se her for andre jobber fra Aukra kommune
  • Oppdatert 16.02.2023
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Aukra kommune

Fast stilling som barnehagelærar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Bergetippen barnehage i Julsundet, på fastlandet i Aukra kommune. 15 min køyretur frå Molde. 5 avdelingar og ei friluftsgruppe. Vi har eit godt arbeidsmiljø og fagmiljø med kompetente medarbeidarar. Å inkludere og etablere god tilknyting er viktig for små og store i Bergetippen. Vi lar oss inspirere av Reggio Emilia-filosofien sitt syn på barn og læring. Vi har eit flott uteområde og nærmiljø som gir høve spanande og lærerike opplevingar. Følg oss på Instagram: bergetipptopp

 

Arbeidsoppgåver for pedagogisk leiar :
Leie og organisere arbeidet på avdelinga.
Skape eit inkluderande, kreativt og lærerikt leikemiljø.
Godt samarbeid med foreldre / føresette.
Godt samarbeid med andre avdelingar og andre faginstansar.
Rettleiingsansvar for personalet på avdelinga.
Bidra i arbeidet med å vidareutvikle barnehagen som ein solid pedagogisk verksemd.

Krav til søkar
Pedagogisk leiar må ha utdanning som barnehagelærar.
Likeverdig med barnehagelærarutdanning er anna treårig pedagogisk utdanning på høgskolenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk.
Gode leiareigenskapar.
Digital kompetanse.
Må kunne norsk godt munnleg og skrifteleg.
Søkjarar som ikkje har norsk som førstespråk, sjå Lov om barnehagar § 18 a.

Vi tilbyr
Eit godt arbeidsmiljø.
Løn etter tariff.
Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Kommunale vilkår for tilsetting.
Høve til å søke utdanningsfond.

Særskilte krav
Det er krav om politiattest før tiltreding.

Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd.

Søkarliste
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden.
Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.

Søknad
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Søk på stilling"

 

  • Bedrift
    Aukra kommune
  • Søknadsfrist
    12.03.2023
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5015855
  • Se her for andre jobber fra Aukra kommune
  • Oppdatert 16.02.2023