Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Stiftinga Voss Barneheim

FAST STILLING/MIDLERTIDIG ENGASJEMENT/VIKAR

Sykepleie- og omsorgtjenester

Voss barnevernsenter
FAST STILLING / MIDLERTIDIG ENGASJEMENT / VIKAR

To gode kollega er på veg inn i pensjonistens rekker. Faste stillingar! Lyser òg ut 1 års vikariat, i tillegg til behov for vikarar. Me har difor fleire 100% stillingar å tilby.

Voss barnevernsenter er ein god medspelar i dei unge si utvikling. Me søkjer deg med glimt i auga, som er engasjert, løysningsorientert, varm og omsorgsfull. Du som er god på å byggja relasjonar og verdset eit godt samarbeid. Voss barnevernsenter er ein ideell barnevernsinstitusjon (non profit), eigd av Stiftinga Voss Barneheim. Stiftinga har per i dag avtale med bufdir om 10 omsorgsplasseringar. Institusjonen har p.t tre avdelingar; Avd Lundarhovden/Skulestad 6-12 år, og avd Femmælen 13-18 (ev ettervern).

Krav til stillinga:
• Krav om sosialfagleg/høgskuleutdanning. Fortrinns­vis barnevernspedagog, sosionom, vernepleiar.
• Personleg eignaheit vil bli vektlagd.
• God munnleg og skriftleg framstillingsevne.
• Førarkort klasse B.

Me tilbyr:
• Kjekke kollegaer og eit godt arbeidsmiljø
• Medlevarturnus
• Tilsetjingsvilkåra fylgjer p.t. KS sitt avtaleverk
• God pensjonsordning
• Yrkes- og gruppelivsforsikring

Ved tilsetting må ein leggja fram gyldig politiattest.

Spørsmål om stillinga: Voss barnevernsenter 56 52 08 40. Leiar Jani Frotveit 913 19 367, ass. leiar Terje Mørkve 478 02 149

Søknad med CV sendast: Voss barnevernsenter, Strandavegen 193, 5710 Skulestadmo eller post@vossbarneheim.no innan 3. juli.