Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Surnadal kommune

Fast 75% stilling som helsesjukepleiar i kombinasjon med 25% prosjektstilling

Brannvesen

HELSESJUKEPLEIAR 75% FAST

HELSESJUKEPLEIAR 25 % PROSJEKSTILLING TIL 31.12.22

 

Vil du vere med oss og utvikle skulehelsetilbodet til barn og unge i Surnadal?

Vi ønskjer oss ein helsesjukepleiar som ser barn og ungdom og som tel seg til til å høyre på historiene deira og lytte til behova dei har. Vi ønskjer og at du er interssert i flyktningearbeid og at du vil vere med på å skape eit trygt møte med kommunen si helseteneste.

Surnadal kommune har ledig fast 75% stilling som helsesjukepleiar frå snarast. I tillegg har vi ledig 25% prosjektstilling frå snarast og til 31.12.22

Dette vil utgjere 100% stilling i perioden frå oppstart og ut 2022.

 

Arbeidsoppgåver i begge stillingane:

  • Helsesjukepleiar har m.a "Open trefftid" for elevane i grunnskulen og i vidaregåande skule, gruppesamtalar, individuelle samtalar og klasseromsundervisning i tillegg til helseundersøkingar
  • Helsesjukepleiar har eit medansvar for å skape eit nært samarbeid med skulen si leiing og dei tilsette, arbeide tverrfagleg med PPT, BUP, fastlegar, barnevern og foreldre/foresatte
  • Flyktningehelseteneste
  • Elektronisk dokumentasjon og journaskriving i HsPro
  • Reisevaksinering og andre oppgåver i helsestasjonen må påreknast

 

Kvalifikasjonar:

  • Det er krav om offentleg godkjenning som sjukepleiar med godkjent vidareutdanning som helsesjukepleiar
  • Praksis som helsesjukepleiar i skulehelseteneste og i flyktningearbeid er ønskjeleg

 

Personlege eigenskapar vi ønskjer at du har:

  • Fagleg engasjement og at du trivst med arbeid med barn og ungdom, foreldre/føresette
  • Interesse for å arbeide med flyktningar i alle aldrar
  • Evne til sjølvstendig og tverrfagleg arbeid
  • Du er fleksibel og løysingsorientert, med toleranse for høgt arbeidstempo
  • Du har godt humør, er utadvent og med positive haldningar
  • Du er god til å samarbeide og har gode kommunikasjonsevner med god skriftleg og muntleg framstillingsevne

 

Vil tilbyr:

Vi har eit godt arbeidsmiljø der fagleg utvikling og samhandling står sentralt.

Surnadal kommune har gode pensjons- og forsiringsordningar.

Vanlege kommnale tilsettingsvilkår og lønn etter gjeldande avtaleverk. 

 

Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, skal leggast fram før oppstart i stilling.

Det blir halde intervju med aktuelle søkarar.