Bedrift
Surnadal kommuneSøknadsfrist
11.04.2021Sted:
SURNADALStillingstype:
DagBransje:
Politi, brann og tollUtdanningskrav:
PåkrevetArbeidserfaring:
ØnskeligFylke:
MØRE OG ROMSDALArbeidssted:
SURNADALLand:
NOAntall stillinger:
1karriere-kode:
3643447Se her for andre jobber fra Surnadal kommune
Fast 100% fagstilling ved Indre Nordmøre barneverntjeneste
Surnadal kommune
Politi, brann og toll
Indre Nordmøre barneverntjeneste for kommunane Surnadal, Rindal, Sunndal og Tingvoll søker ny medarbeidar.
Barnevernsamarbeidet vart etablert 01.01.2020 med Surnadal kommune som vertskommune.
Eininga er organisert med kontorstader i Sunndal og Surnadal.
Arbeidsoppgåver:
- Saksbehandling og tiltaksarbeid etter lov om barneverntjenester
- Fokus på veiledning og endringsarbeid i samarbeid med familien og samarbeidsinstansar
- Partsrepresentant i Fylkesnemda for barnevern og sosiale saker
- Vi har eit team som arbeider med undersøkingar/hjelpetiltak i heimen og eit team som arbeider med oppfølging av barn utanfor heimen
Vi søker ein medarbeidar som:
- kan arbeide sjølvstendig og strukturert og som har handlekraft
- kan kommunisere godt og har gode samarbeidsevner
- greier å stå i pressa situasjonar over tid og som tåler kjenslemessige påkjenningar
- er trygg og tydeleg i barnevernfaglege vurderingar
- tenkjer heilheitleg og har god evne til refleksjon
- er fleksibel og har stor arbeidskapasitet
- har god skriftleg og muntleg framstillingsevne
Det blir lagt stor vekt på personlege eigenskapar ved tilsetting.
Kvalifikasjonar:
- utdanning som barnevernspedagog, sosionom eller anna relevant høgskuleutdanning og praksis
- det er ønskeleg med relevant vidareutdanning
Vi kan tilby faglege utfordringar og mulegheiter for personleg utvikling i eit godt arbeidsmiljø med fokus på fag.
Vi har gode pensjons- og forsikringsordningar, kommunale tilsettingsvilkår og lønn etter tariff.
Tilfredsstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 månader, skal leggast fram før oppstart.
Du må ha førarkort kl. B og kunne disponere eigen bil.
Bedrift
Surnadal kommuneSøknadsfrist
11.04.2021Sted:
SURNADALStillingstype:
DagBransje:
Politi, brann og tollUtdanningskrav:
PåkrevetArbeidserfaring:
ØnskeligFylke:
MØRE OG ROMSDALArbeidssted:
SURNADALLand:
NOAntall stillinger:
1karriere-kode:
3643447Se her for andre jobber fra Surnadal kommune
- Legg ut alle dine ledige jobber
- Bestill annonsering i alle kanaler
- Motta søknader ett sted
- Profesjonell søknadshåndtering
- Karriere Match - 100.000 kandidater
- Integrasjoner med HR og fag-systemer