• Bedrift
    Austevoll kommune
  • Søknadsfrist
    10.05.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5392, STOREBØ
    AUSTEVOLL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3762158
  • Se her for andre jobber fra Austevoll kommune
  • Oppdatert 23.04.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Austevoll kommune

Fagarbeidarstillingar

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Helse og velferd er ei eining med om lag 200 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår pleie - og omsorgstenester, helseservicekontor, legetenesta, jordmortenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta, miljøarbeidertenesta, NAV og psykisk helse/rus/kreftomsorg og frivillig arbeid. Helse og velferd har som mål å fagleg leggje til rette med tenester tilpassa den einskilde sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv.

Arbeidsstad
Austevoll kommune har ledige stillingar knytt til helg i turnus. Stillingsprosent kan avtalast ut frå om søkjar ynskjer arbeid annakvar eller tredjekvar helg og om det er ynskjeleg med langvakter eller kortvakter.

Ansvars- og arbeidsoppgåver
Praktisk bistand og opplæring samt heimesjukepleie til personar med nedsett funksjonsevne.

Kvalifikasjonar
Utdanning:
Helsefagarbeidarar, barne- og ungdomsarbeidarar, studentar og assistentar.

Anna/personlege eigenskapar:
Du har evne til å ta sjølvstendige avgjersler og arbeid, men samstundes i team med eit felles fokus og mål
Du har gode kommuniksjonseigenskapar og er ein relasjonsskapar.
Du har gode haldingar til arbeid med menneske med nedsatte funksjonar
Du ser moglegheiter.
Du liker å ta nye utfordringar og vere ein del av eit team som er i endring og utvikling.
Det vil bli lagt vekt på fleksibilitet og personleg eignaheit i eit spanande arbeidsmiljø med kjekke og dyktige kollegaer.
Du har godt humør, tar ansvar, viser engasjement og har lyst til å gjere ein forskjell.

Vi tilbyr:

  • Moglegheit for fagleg utvikling i eit  godt og  positivt fagmiljø
  • Spanande utfordringar
  • Løn etter kvalifikasjonar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

 

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

 

  • Bedrift
    Austevoll kommune
  • Søknadsfrist
    10.05.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Skift/turnus
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5392, STOREBØ
    AUSTEVOLL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3762158
  • Se her for andre jobber fra Austevoll kommune
  • Oppdatert 23.04.2021