Detaljer

  • Bedrift
    Statkraft AS
  • Søknadsfrist
    15.03.2020
  • Sted:
    GAUPNE
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Energi- og vannforsyning
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    GAUPNE
  • Land:
    NORGE
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    2763173
  • Se her for andre jobber fra Statkraft AS

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Fagarbeidar mekanisk, Vik

Region Midt Norge er ein av 5 produksjonsregionar i Statkraft. Regionen har 200 medarbeidarar og er organisert i fire kraftverksgrupper med ansvar for 32 kraftverk og åtte vindparkar i Sogn og Fjordane, Møre og Romsdal og Trøndelag.

Kraftverksgruppe Sogn har ansvar for drift og vedlikehald av våre kraftverk i Jostedal, Vik og Høyanger, og er organisert i tre vedlikehaldsgrupper. Vedlikehaldsgruppe Vik har 9 medarbeidarar

 

Me søkjer etter ein engasjert fagarbeidarar til kraftverkgruppe Sogn. Som fagarbeidar skal du arbeide i team med erfarne og dyktige kollegaer og med hovudfokus på drift og vedlikehald av kraftverk og tilhøyrande installasjonar.

Oppmøteplass for stillinga er vedlikehaldsgruppe Vik.

Din rolle:

  • Du vil delta i dagleg drift og vedlikehald av maskiner og utstyr i kraftanlegg og reguleringsområdet
  • Jobbe med førebyggjande vedlikehald, reparasjonar og montering
  • Utføre tilsyn, tilstandsvurderingar og feilsøking
  • Delta i prosjekt eller større vedlikehaldsarbeid i eiga kraftverksgruppe eller i andre kraftverksgrupper ved behov
  • Du vil inngå i vedlikehaldsgruppa leia av vedlikehaldsleiar

Din profil:

  • Fagbrev innan mekaniske fag
  • God HMS forståing og engasjement
  • Gode samarbeidsevner, tek initiativ og er sjølvstendig
  • Gode generelle IT–kunnskapar og ferdigheiter
  • Evne til å drive kontinuerleg forbetring
  • Gode kommunikasjonsevner

  • Resultatorientert og vektlegg orden, struktur og planlegging
  • Interesse og evne til å ta i bruk ny teknologi og digitale verktøy     
  • Fleksibel og samarbeidsviljug på tvers av einingar
  • God fysisk form
  • Sertifikat for bil klasse B

Statkraft forvaltar kritisk infrastruktur og tenester i fleire land. Søkjarar må difor gjennomgå ein helsesjekk og bakgrunnssjekk, som begge må vere bestått som ein føresetnad for tilsetjing

Vi kan tilby:

  • Faglag og personleg utvikling i eit konsern i sterk vekst
  • Et godt arbeidsmiljø preget av kompetanse, ansvar og nyskaping
  • Mangfald med hensyn til kjønn, alder og kulturell bakgrunn
  • Konkurransedyktige betingelsar og gode velferdsordningar 

 

 

 

 
Registrer deg på Karriere.no
  • Karriere Jobbmatch
  • Bedrifter ser relevante kandidater
  • Kom i kontakt og motta jobbtilbud
  • Du velger selv din synlighet
  • Over 85.000 registrerte kandidater