Bedrift
Kvam Herad i BrønnøysundSøknadsfrist
SnarestBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5077327Se her for andre jobber fra Kvam Herad i Brønnøysund
- Oppdatert 17.03.2023
Kvam Herad i Brønnøysund
Fagarbeidar barnehage Oppveksteininga i Kvam herad
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Har du lyst å bidra til glede og tryggleik i våre flotte barnehagar? Kvam har ledige faste stillingar og vikariat frå 01.08.23.
Me søkjer barne- og ungdomsarbeidarar som likar å laga gode kvardagar saman med små born. Me søkjer etter deg som er god på relasjonar og som er glad i å gje born gylne augneblink. Me er opptekne av gode fagmiljø og arbeider for kontinuerleg kompetanseutvikling.
- Har du særskilde ynske om arbeidsstad og stillingsstorleik er det viktig at du skriv di prioritering i søknaden.
- Har du søkt på open søknad i løpet av året må du likevel søkje på denne utlysinga.
- Barnehagane våre er plassert i Strandebarm, Tørvikbygd, Norheimsund, Øystese og Ålvik.
Vil du vite meir om dei kommunale barnehagane, les her: Barnehagar i kvam herad
Arbeidsoppgåver
- Medansvar for å skapa ein god barnehagekvardag for både det enkelte barn og grupper, i samarbeid med ped.leiar/barnehagelærar
- Levera god kvalitet i relasjonar med barn og foreldre
- Vera ein trygg vaksen
- Tilretteleggja for leik og læring
- Delta i å skapa kvalitet i rutinesituasjonar
- Delta i å utvikla barnehagen
- Bidra til godt arbeidsmiljø og samarbeid med andre
- Bidra til å ivareta helse, miljø og tryggleik i barnehagen
Kvalifikasjonar
- Barne- og ungdomsarbeidar, men er og interessert i deg som har anna relevant utdanning eller yrkeserfaring og ynskjer å arbeida i barnehage
- Erfaring frå arbeid i barnehage er ein fordel
- Gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg
- Bestått A2 i skriftleg framstilling og B1 i leseforståing, lytteforståing og munnleg kommunikasjon
- Ved nytilsetjing vert det stilt krav om politiattest av ny dato. Denne skal ikkje leverast med søknaden
Personlege eigenskapar
- Påliteleg, omsorgsfull og engasjert
- Du har godt humør og positiv innstilling
- Fagleg oppdatert
- Deg som er leiken og evnar å inspirere og engasjere born
- Møter born, kollega og føresette med respekt
- Er fleksibel og løysingsorientert
- Eit positivt barnesyn: "Barn gjer så godt dei kan"
Me tilbyr
- Spennande, utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Tilsetjing på vanlege vilkår for kommunale arbeidstakarar
Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette
Bedrift
Kvam Herad i BrønnøysundSøknadsfrist
SnarestBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5077327Se her for andre jobber fra Kvam Herad i Brønnøysund
- Oppdatert 17.03.2023