• Bedrift
    Aukra kommune
  • Søknadsfrist
    26.01.2026
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6490021
  • Se her for andre jobber fra Aukra kommune
Ledig stilling

Aukra kommune

Ergoterapeut/ spesialergoterapeut

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vil du vere med og utvikle framtidas helsetenester i Aukra kommune?

Fysio- og ergoterapitenesta har ansvar for å fremje helse, aktivitet og meistring for innbyggjarar i alle aldrar – frå barn og unge til vaksne og eldre. Vi samarbeider tett med helse- og omsorgstenestene, skule, barnehage, NAV, PPT, teknisk avdeling, hjelpemiddelfirma og spesialisthelsetenesta. Hos oss får du arbeide med eit breitt spekter av spennande og varierte arbeidsoppgåver.

Kontorplassen er på helsesenteret på Gossen, med gratis ferje frå fastlandet på om lag 12 minutt. Mange av arbeidsoppgåvene blir utførte ute i kommunen –  i barnehage, skule, institusjon og i heimen, både på Gossen og i Julsundet.

Tenesta er i utvikling, og no styrkjer vi laget med ein ny ergoterapeut i 100 % fast stilling. Ergoterapitenesta har hovudansvar for velferdsteknologi i kommunen, og stillinga vil ha ei sentral rolle i koordinering og vidareutvikling av dette området. Vi søkjer ein fagleg engasjert og utviklingsorientert ergoterapeut som ønskjer å bidra til framtidsretta helsetenester med fokus på meistring og aktivitet.

Vi ønskjer både erfarne og nyutdanna ergoterapeutar velkomne til å søke. Erfaring er ein fordel, men engasjement, lærevilje og oppdatert kunnskap frå studiet er minst like viktig hos oss, sidan vi frå før er eit erfarent fagmiljø.

 Arbeidsoppgåver

  • Tenesteoppfølging av barn, unge, vaksne og eldre
  • Koordinere, vidareutvikle og bidra til implementering av velferdsteknologiske løysingar i kommunen
  • Bidra med rådgiving, førebygging og kvardagsmeistring slik at innbyggjarane kan bu trygt heime
  • Formidling, opplæring og tilpassing av hjelpemiddel
  • Delta i tverrfagleg rehabilitering på institusjon og kvardagsrehabilitering i heimen
  • Rådgiving ved bustadplanlegging og bustadsosialt arbeid
  • Koordinatorrolle, deltaking i ansvarsgruppe og arbeid med individuell plan
  • Utvikle undervisningstilbod og gruppebaserte aktivitetar

 Krav til søkar

  • Norsk autorisasjon som ergoterapeut
  • Gode digitale ferdigheiter
  • Gode norskferdigheiter, både munnleg og skriftleg
  • Førarkort klasse B (det er ein fordel å disponere eigen bil)

 Ønskt kompetanse

  • Interesse for og gjerne erfaring med bruk av velferdsteknologiske løysingar
  • Vidareutdanning innan velferdsteknologi
  • Erfaring frå rehabilitering og/ eller arbeid med barn og unge
  • Erfaring frå tverrfagleg arbeid

Dersom du ikkje har formell vidareutdanning innan velferdsteknologi, vil arbeidsgivar kunne leggje til rette for relevant kompetanseheving.

Personlege eigenskapar

 Du er:

  • Løysingsfokusert, fleksibel og fagleg nysgjerrig
  • Strukturert og sjølvstendig, med god gjennomføringsevne
  • Genuint opptatt av meistring og aktivitet i kvardagen til innbyggjarane
  • God til å kommunisere med kollegaer, brukarar og samarbeidspartnarar

 Vi håpar du kjenner deg att i desse eigenskapane, og at du vil bli ein viktig del av laget vårt!

 Vi tilbyr

  • Ei spanande og variert stilling i eit fagmiljø i utvikling
  • Gode moglegheiter for fagleg fordjuping og kompetanseutvikling
  • Eit inkluderande og triveleg arbeidsmiljø med høg grad av samarbeid
  • Kommunale tilsetjingsvilkår
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Stønad frå eige fond for etter- og vidareutdanning

 Andre opplysningar

Politiattest må leggjast fram før tilsetjing.

 Prøvetid

Gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd.

 Søkarliste

Om du ønskjer å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.

 

  • Bedrift
    Aukra kommune
  • Søknadsfrist
    26.01.2026
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6490021
  • Se her for andre jobber fra Aukra kommune