• Bedrift
    Aukra kommune
  • Søknadsfrist
    26.06.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5751966
  • Se her for andre jobber fra Aukra kommune
  • Oppdatert 13.06.2024
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Aukra kommune

Ergoterapeut

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Vi har ledig 100% fast stilling som ergoterapeut. Stillinga er organisert i fysio- og ergoterapitenesta under eining Helse.

Om eininga/avdelinga
Fysio- og ergoterapitenesta har kontorplass på Helsesenteret på Falkhytten saman med legekontor og helsestasjon. Månge av oppgåvene til ergoterapeuten blir utført utanom kontorstad, til dømes i barnehage, skule, på institusjon og i heimen. Du vil jobbe med eit bredt spekter av spennande saker saman med dedikerte og engasjerte fagpersonar i kommunen.

Arbeidsoppgåver
• Førebyggande og helsefremmande arbeid for barn, unge, vaksne og eldre.
• Kartlegging og oppfølging av tiltak for barn, unge, vaksne og eldre.
• Rehabilitering og habilitering.
• Ansvar for kvardagsrehabilitering i samarbeid med fysioterapeut og heimetenesta.
• Rettleiing og samarbeid med brukar, pårørande og fagpersonar.
• Tilrettelegging av omgjevnaden for aktivitet og deltaking.
• Tverrfagleg samarbeid, deltaking i ansvarsgrupper, koordinatorrolle og IP-arbeid.
• Delta i fag- og tenesteutvikling.
• Formidle tekniske hjelpemidlar.
• Kommunen sin kontaktperson opp mot NAV Hjelpemiddelsentral.


Kvalifikasjonar
Vi søker ergoterapeut med relevant og oppdatert kunnskap, og norsk autorisasjon.

Vi søker deg som:

  • Tar initiativ og har evne til å sjå løysingar.
  • Er fleksibel.
  • Er fagleg engasjert.
  • Har gode norskkunnskapar og gode munnlege og skriftlege kommunikasjons- og framstillingsevner.
  • Har evne og vilje til tverrfagleg samarbeid.
  • Har god erfaring med digitale verktøy.
  • Søkar må ha førarkort klasse B.

Vi legg særleg vekt på at du har dei personlege eigenskapane vi ønsker.


Vi tilbyr

  • Eit godt arbeidsmiljø der vi spelar kvarandre gode.
  • Dyktige medarbeidarar, og ein arbeidsplass der vi ønsker å legge til rette for fagleg utvikling.
  • Ei spennande og utfordrande stilling, med moglegheit til å utforme tenestetilbodet.
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar.
  • Kommunale tilsettingsvilkår og løn etter tariff.

Særskilte krav
Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding.

Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd.

Søkarliste
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden.
Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25.
Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.

Søknad sendast
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Send søknad"

 

  • Bedrift
    Aukra kommune
  • Søknadsfrist
    26.06.2024
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6480, AUKRA
    AUKRA
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5751966
  • Se her for andre jobber fra Aukra kommune
  • Oppdatert 13.06.2024