• Bedrift
    Samnanger kommune
  • Søknadsfrist
    15.08.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5650, TYSSE
    SAMNANGER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4697477
  • Se her for andre jobber fra Samnanger kommune
  • Oppdatert 12.07.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Samnanger kommune

Ergoterapeut

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Samnanger kommune søkjer etter ergoterapeut til nyopretta fast 80 % stilling. Kontorstad er Samnanger helsetun som ligg ca 40. min køfri køyring frå Bergen sentrum, Nesttun eller Os. 

Stillinga er organisatorisk plassert i eining for helse i fysio/ergoterapitenesta. Helseeinga består av legekontor, helsestasjon, jordmor, psykolog, kommunefysioterapeut og ergoterapeut. 
Hjå oss får du ein unik moglegheit til å vera med å utvikla det nyoppretta ergoterapitilbodet i kommunen. 
 

Stillinga er ledig omgåande.
 

Arbeidsoppgåver

  • Planlegge, gjennomføre, dokumentere og kontinuerlig evaluere målretta tiltak
  • Individuell oppfølgning av barn, ungdom og voksne i eigen heim, på institusjon eller i skule/barnehage
  • Kartlegging og tilrettelegging i aktivitet og av omgjevnader / bustadtilpassing 
  • Kartlegging av ADL funksjon og kognisjon
  • Tverrfaglig samarbeid, herunder kunne vera koordinator for Individuell plan 
  • Kvardagsrehabilitering 
  • Undervise og vegleie kollegaer
  • Kontaktperson for hjelpemiddelformidling


Kvalifikasjonar

Krav:

  • Norsk autorisasjon som ergoterapeut
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne
  • Førerkort klasse B

Ønskjer: 

  • Erfaring som ergoterapeut i kommunehelsetenesta
  • Erfaring med søknadsprosess og formidling av hjelpemidler gjennom NAV
  • Kjennskap til relevant datasystem og journalføringssystem 
  • Kunnskap og erfaring med rehabilitering
  • Kjennskap til lovverk som regulerer tenesta


Personlege eigenskapar

  • Trygg og sjølvstendig i eigen fagutøving

  • Være ein aktiv bidragsyter til fagutvikling og et positivt arbeidsmiljø

  • Evne til å arbeide effektivt, strukturert og målretta

  • Ha god samarbeids-, veilednings- og kommunikasjonsevne

  • Ansvarsbevisst og løysingsorientert

  • Personlege eigenskapar vil bli vektlagt, sammen med relevant kompetanse og erfaring

Politiattest må føreleggjast. 

Høyres dette interessant ut? Velkommen som søkjar! 

 

Me tilbyr

  • Eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vera med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst
  • Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, og god samarbeidsånd
  • Fleksible arbeidstidsordningar
  • Gode velferdsordningar
  • Barnehageplass for tilsette sine born

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. All utanlandsk utdanning må vera NOKUT godkjent. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden. 

Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.

 

  • Bedrift
    Samnanger kommune
  • Søknadsfrist
    15.08.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5650, TYSSE
    SAMNANGER
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4697477
  • Se her for andre jobber fra Samnanger kommune
  • Oppdatert 12.07.2022