Detaljer

  • Bedrift
    Aukra kommune
  • Søknadsfrist
    27.08.2020
  • Sted:
    AUKRA
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    MØRE OG ROMSDAL
  • Arbeidssted:
    AUKRA
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    2911430
  • Se her for andre jobber fra Aukra kommune

Ergoterapeut, 100 % fast stilling, helse

 

 

 


Vil du kome til denne vakre øya? Her er det moglegheit for gode opplevingar både i jobb og privat. Vakre naturopplevingar i nærområdet, jazz byen Molde 25 min køyretur unna. Romsdalseggen 7 mil unna, kulturopplevingar både på øya og på fastlandet. 

Vi har ledig 100 % stilling som ergoterapeut.  Stillinga er p.t. organisert under eininga for Helse.

Om eininga/avdelinga
Eininga for Helse er lokalisert i helsesenter med legekontor, helsestasjon, fysioterapi og ergoterapi.


Arbeidsoppgåver

  •  Rehabilitering, førebygging og helsefremmande tiltak for barn, vaksne med funksjonsnedsettelse og eldre
  •  Vere med på å utvikle samarbeidsrutinar mellom ulike faggrupper i kommunen
  • Tverrfaglig samarbeid med fysioterapeut, lege og tilsette i pleie og omsorg ( fast tverrfagleg møte ein gong pr veke er etablert)
  • Bidra inn i teamene med sin fagspesifikke bakgrunn
  •  Deltaking i teamet for kvardagsrehabilitering
  •  Kartlegge, veilede og utrede praktiske behov for å oppnå kvardagsmeistring hos den enkelte
  • Vurdere pasientens aktivitetar, ressursar, mål og funksjonsnivå, igangsetting og oppfølging av tiltak
  • Arbeidet vil hovudsakeleg foregå i heimen, på institusjon og i skule/barnehage
  •  Undervise, veilede ansatte, brukaren og pårørande
  •  Formidling av tekniske hjelpemidlar og kommunalt lager
  • Være kommunens kontaktperson opp mot NAV hjelpemiddelsentral
  • Vere pådrivar for bruk av velferdsteknologi



Krav til søkar
Autorisasjon som ergoterapeut

God datakunnskap og erfaring i bruk av data som arbeidsverktøy.
Bruke nynorsk som målform.

Vi tilbyr
Ei utfordrande stilling i eit sterkt fagmiljø

Gode pensjons- og forsikringsordningar.
Kommunale tilsettingsvilkår og løn etter tariff.
Utdanningsstønad frå eige fond for etter- og vidareutdanning.
Flyttegodtgjersle etter kommunalt regelverk.

Særskilte krav
Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding.


Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd.


Søkarliste
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden.

Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25.
Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.

Søknad sendast
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Send søknad"  

Litt om Aukra kommune og nærområdet: 

Aukra kommune ligg på øya Gossen og fastlandet Julsundet. Det er om lag 3600 innbyggjarar. 

Kommunen ligg i naturskjønne omgivelser i havgapet, og det er difor ei perle for folk som liker utendørs aktivitetar. 

Om du bor på øya er det knappe 25 min køyretur til næraste by Molde (inkludert 10 min ferge). Kommunane kring Aukra byr på flotte fjellopplevingar, vi har Romsdalseggen i Rauma berre 7 mil unna, og dei kjende Midsundtrappene på naboøya. 

Kulturlivet i regionen er variert. Aukra kommune har nytt kulturhus under oppføring, med eigen svømmehall. 

Molde jazz festival, Jugendfestivalen i Ålesund, Bjørnsonfestivalen, Midsundfestivalen og Raumarock er døme på populære festivalar i nærområdet.

Aukra kommune har eit rikt aktivitetstilbod. Døme på dette er treningssenter, motorsportklubb, kulturskuletilbod, Gossen idrettslag, flotte naturstiar og jakt/fiske. 

Aukra kommune har flotte skule- og barnehagetilbod både på øya og fastlandet. 

For deg som ynskjer å busette deg i kommunen vil du kunne finne alt frå gårdsbruk til nyoppførte leiligheter til ein fin pris. Døme frå finn.no : småbruk med våningshus 1 450 000kr.  

Vi håper at interessa for jobben og kommunen vart vekka.  Om du har spørsmål ring eller send mail til ein av kontaktpersonane i annonsa.