• Bedrift
    Kvam Herad
  • Søknadsfrist
    02.03.2025
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5600, NORHEIMSUND
    KVAM
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6079255
  • Se her for andre jobber fra Kvam Herad
Ledig stilling

Kvam Herad

Fysioterapeut

Fysioterapeut

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Me søkjer fysioterapeut i 40 % fast stilling frå 22.04.2025

Fysio- og ergoterapi er tenester prega av rørsler, moglegheit for meistring og helse i eit livsløpsperspektiv. Kunnskap om korleis kroppslege reaksjonar og sjukdomar kan hengja saman med livstilhøve og andre situasjonar står sentralt. Målet er sunne, robuste, levande og lærande menneske gjennom heile livet - uansett funksjonsnivå.

Fysioterapeutane er organiserte i ei felles ergo- og fysioterapiteneste. Oppgåvene i denne stillinga er kurative og førebyggande oppgåver for vaksne og eldre. Teamet som jobbar med desse brukargruppene gir tenester til brukarar i Øystese, Norheimsund og Strandebarm i og utanfor institusjon som ikkje kan nytta dei private fysioterapiinstitutta. 

 

Arbeidsoppgåver

Me arbeider i team med t.d.: 

  • Undersøking, tiltak og behandling individuelt og i gruppe
  • Å leggja til rette for aktivitet og sosial deltaking, dette gjeld praktisk, teknisk og relasjonelt
  • Rettleiing og undervisning av pårørande og samarbeidspartnarar
  • Kvardagsmeistring
  • Palliativt arbeid
  • Velferdsteknologi
  • Habilitering, rehabilitering og kvardagsrehabilitering
  • Forflytningsteknikk

I søknaden ber me om at du gjer greie for interesse, engasjement og kompetanse innanfor desse områda.

Kvalifikasjonar

  • Norsk autorisasjon som fysioterapeut
  • Relevant arbeidserfaring som fysioterapeut
  • Gode norskkunnskapar munnleg og skriftleg
  • Du må ha førarkort for bil og kunne disponera eigen bil. Du mottek godtgjersle for dette etter kommunale satsar. 

Alle som yter tenester etter helse og omsorgstenestelova skal levera politiattest. Den som vert tilsett må derfor leggja fram politiattest av ny dato, denne skal ikkje leggjast ved søknaden. Me ber om at du lastar opp vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden

Personlege eigenskapar

Me ønskjer medarbeidarar som:

  • brenn for å få brukarane til å meistre og vil vera med å gje gode tenester og utvikle tenetene til eldre/vaksne
  • er pålitelege, lyttande, jobbar kunnskapsbasert, sjølvstendig og tek utfordringar
  • samarbeider på tvers av fagfelt og spelar kvarandre gode
  • deler og aukar kunnskapen sin 
  • er opne for endringar, fleksible og løysingsorienterte
  • serviceinnstilte og engasjerte
  • rause og inkluderande 
  • innovative

Me tilbyr

  • Spennande, faglege utfordringar i eit kunnskapsbasert miljø
  • Tverrfagleg samarbeid med ulike faggrupper 
  • Godt arbeidsmiljø og engasjerte kollegaer 
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar  

 Generell informasjon

Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. 

Kvam herad ønskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. 

Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.

 

  • Bedrift
    Kvam Herad
  • Søknadsfrist
    02.03.2025
  • Heltid/Deltid
    Deltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5600, NORHEIMSUND
    KVAM
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6079255
  • Se her for andre jobber fra Kvam Herad