• Bedrift
    Austevoll kommune
  • Søknadsfrist
    07.02.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5392, STOREBØ
    AUSTEVOLL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3378767
  • Se her for andre jobber fra Austevoll kommune
  • Oppdatert 16.01.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Austevoll kommune

Er du vår nye frivilligkoordinator?

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Helse og velferd er ei eining med om lag 200 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår pleie - og omsorgstenester, helseservicekontor, legetenesta, jordmortenesta, ergoterapi- og fysioterapitenesta, Eidsbøen bufellesskap, NAV,  Psykisk helse/rus/kreftomsorg og frivilligheit. Helse og velferd har som mål å fagleg leggje til rette med tenester tilpassa den einskilde sitt behov, slik at kvar og ein skal ha eit trygt, meiningsfylt og innhaldsrikt liv.

Framtidas kommune er kor innbyggjarane, frivillig sektor og næringsliv går saman om å utforma framtidas kommune. Vi ønskjer å vidareutvikla ein innovativ og bærekraftig kommune. Det frivillige arbeidet i kommunen er ein stor ressurs i lokalsamfunnet vårt og kommunen arbeider for å gjere Austevoll til ein betre kommune for frivilligheit. Det er viktig for innbyggjarane våre og bidreg til auka livskvalitet og gjer større sosial kompentanse.

Stillinga er plassert under kommunalområdet helse og velferd og rapporterer til kommunalsjef. Frivilligkoordinator samarbeidar med andre kommunale einingar,  tverrsektorielt og med øvrig frivilligheit. Frivilligsentralen er lokalisert saman med Austevollbadet og bygget er tilrettelagt som ein god møteplass for frivillige i kommunen. Oppgåvene i stillinga er både strategiske og operative.

Arbeids – og ansvarsområde

  • Dagleg leiar for frivilligsentralen
  • Vere brobyggjar, inspirator og kontaktledd utad til enkeltpersonar og mellom innbyggjarar og ulike generasjoner, lag, foreninger og organisasjonar
  • Vere ein pådrivar for å få sett i verk og gjennomført tiltak og nye formar for frivilligarbeid
  • Tilretteleggja for auka frivillig innsats i austevollssamfunnet, samt koordinering av denne med blant anna rekruttering og oppfølging av frivillige
  • Vidareutvikla nettsider og digetale plattformar for frivillegheit
  • Følge opp og administrere kurs for frivillige
  • Planarbeid for frivilligheit i kommunen, samt skriva og førebu politiske saker på området
  • Ansvarleg for ulike søknads- og tilskuddsordningar, informasjonsarbeid       
  • Delta i relevante prosjekter og utviklingsoppgåver, særleg innan helse og velferd og arbeid knytt til intergrering av flyktningar
  • Noko ettermiddags- og kveldsarbeid ved arrangementer må reknast med

Kvalifikasjonskrav

  • Utdanning på minimum bachelornivå. Tilleggsutdannning innan frivilligheit er ein fordel
  • Erfaring frå frivilligheit, kultur og/ eller organisasjonsarbeid er ein fordel
  • God organisasjonsforståelse og kunnskap om frivilligheit
  • Kunnskap om offentlig forvaltning og politiske prosesser er ein fordel
  • Engasjement for innovasjon og samskaping
  • God kjennskap til digital kommunikasjon og digitale plattformar
  • God skriftleg og munnleg fremstillingsevne
  • Førerkort klasse B
  • Lang og relevant erfaring kan erstatta utdanningskravet

Søkjar må vere personleg eigna, og ved tilsetting vil vi legga stor vekt på dei personlege eigenskapane vi krev for stillinga. Vi søkjer deg som er engasjert og opptatt av å stimulera til  å auka den frivillige innsatsen i kommunen.  Vidare må du:

  • Ha gode  kommunikasjons- og samarbeidsevne
  • Vere ansvarleg, strukturert og initiativrik
  • Trivs i ei pådriverrolle
  • Vere sjølvstendig og utadvendt, med gode evne til å skapa engasjement

 Vi tilbyr:

  • Moglegheit for fagleg utvikling i eit godt og positivt arbeidsmiljø
  • Spanande utfordringar
  • Løn etter kvalifikasjonar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

 

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

 

  • Bedrift
    Austevoll kommune
  • Søknadsfrist
    07.02.2021
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5392, STOREBØ
    AUSTEVOLL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3378767
  • Se her for andre jobber fra Austevoll kommune
  • Oppdatert 16.01.2021