• Bedrift
    Forsvaret
  • Søknadsfrist
    25.02.2025
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5160, LAKSEVÅG
    BERGEN
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6051750
  • Se her for andre jobber fra Forsvaret
Ledig stilling

Forsvaret

Er du vår nye dataelektronikar som har lyst til å jobbe med ubåtar?

Er du løysingsorientert og positiv til nye utfordringar? 

Ved Forsvarets verkstader Bergen er det over 400 tilsette, og vi vedlikeheld Sjøforsvarets materiell på landsbasis. Vedlikehaldet vårt spenn seg over et vidt spekter av fagfelt frå høgteknologi til konvensjonell verkstadsdrift.

Ved televerkstadet  på Laksevåg er det no ledig to spanande stillingar som dataelektronikar/serviceelektronikar. Vi driv med vedlikehald på tele- og elektronisk utstyr på Forsvarets ubåtar, og håpar du vil bli ein del av vår gjeng. 

Kvalifikasjoner:

  • Fagbrev som dataelektronikar, serviceelektronikar eller anna relevant fagbrev 
  • Du må kunne sikkerheitsklarerast for HEMMELIG / NATO SECRET før tiltredelse
  • God framstillingsevne skriftleg og muntleg på norsk
  • Det er ynskeleg med god kjennskap til SAP

Personlige egenskaper:

  • Du vil yte ditt beste for å samarbeide godt med dei du møter i arbeidskvardagen.
  • Du ynskjer og vil være nøyaktig i gjennomføringa av arbeidet ditt på alle områder.
  • Du likar å finne løysingar på utfordringar som oppstår.
  • Du har interesse for å tilegne deg ny kunnskap og vil gjerne vidareutvikle kunnskapsnivået ditt.

Vi tilbyr:

  • Gode moglegheitar for personleg og fagleg utvikling.
  • Fleksibel arbeidstid.
  • Vi har treningsrom lokalt, og på Haakonsvern har du tilgong til eit av dei største idrettsanlegga i ein norsk militærleir med blant anna symjehall og styrkerom. Du vil ha moglegheit for å trene i arbeidstida i inntil 2 timer per veke så lenge tjenesten tillater det, og kan ta med familien på fritida. 
  • Gode pensjons- og velferdsordningar.
  • Lønn i henhold til Verkstedoverenskomsten i Forsvaret, for tida kr 624 325 - 677 803 per år for fagarbeidar. Av lønn trekkes 2 % lovbestemt innskudd til Statens pensjonskasse.
 

  • Bedrift
    Forsvaret
  • Søknadsfrist
    25.02.2025
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5160, LAKSEVÅG
    BERGEN
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6051750
  • Se her for andre jobber fra Forsvaret