• Bedrift
    Austevoll kommune
  • Søknadsfrist
    09.01.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5392, STOREBØ
    AUSTEVOLL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4226303
  • Se her for andre jobber fra Austevoll kommune
  • Oppdatert 20.12.2021
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Austevoll kommune

Er du vår nye byggesakshandsamar?

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Austevoll kommune har ledig ei mellombels stilling som byggesaksbehandlar. Kommunen er ein vekstkommune med høg grad av næringsutvikling og ei auke i folketal. Dette gjev mange spennande arbeidsoppgåver innanfor samfunnsutvikling og utbygging. Vi treng ein ny byggesaksbehandlar som vil vere med oss på laget.

 

Arbeidsstad

Stillinga høyrer til på plan- og byggesaksavdelinga. Avdelinga har 11 tilsette innanfor fagområda bygge- og delesaker, private reguleringsplanar, matrikkel og forureining.

Avdelinga høyrer til tenesteområde Utvikling og forvaltning som har om lag 35 tilsette og er leia av kommunalsjef.

Austevoll kommune har ledig eit års mellombels stilling som saksbehandlar på heiltid. Stillinga skal bidra til å redusere saksbehandlingstid, og det kan bli moglegheit for fast tilsetting.

 

Ansvars- og arbeidsoppgåver

Saksbehandling etter plan- og bygningslova, matrikkellova, hamne- og farvasslova, eigarseksjonslova og forureiningslova, med tilhøyrande forskrifter.

Arbeidsoppgåver vil i hovudsak omfatte:

  • Saksbehandling av søknad om byggeløyve og dispensasjon
  • Tilsyn
  • Eigarseksjonering
  • Deltaking i tverrfagleg samarbeid
  • Råd og rettleiing til publikum
  • Klagesaker
  • Arkivering
  • Fakturering
  • Andre oppgåver innanfor eininga sitt ansvarsområde kan bli tillagt stillinga

 

Kvalifikasjonar

  • Relevant høgare utdanning på bachelor- eller masternivå. Dette kan gjerne vere ein ingeniør, arkitekt, jurist, planleggar eller miljø- og naturforvaltar.
  • God munnleg framstillingsevne på norsk.
  • God skriftleg framstillingsevne på nynorsk.
  • God brukarkompetanse på grunnleggjande dataverktøy
  • Førarkort klasse B
  • Ønskeleg med:
    • kjennskap til plan- og bygningslova, matrikkellova og forureiningslova, med tilhøyrande forskrifter
    • kjennskap til offentleg forvaltning
    • relevant arbeidserfaring frå saksbehandling

 

Søkar må vere personleg eigna til stillinga. Vi søkjer deg som er:

  • Trygg
  • Løysingsorientert og ha gjennomføringsevne
  • Lære- og samarbeidsvillig
  • Detaljorientert
  • Positiv og ha evne til å bidra til eit godt arbeidsmiljø
  • Motivert
  • Har gode kommunikasjonsevner

Vi tilbyr:

  • Moglegheit for fagleg utvikling
  • Godt arbeidsmiljø
  • Spanande utfordringar
  • Løn etter kvalifikasjonar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

 

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

Søknadsfrist:

21.12.2021

Tiltreding:

Vinter/vår 2022

Arbeidsstad:

Kommunehuset

Kontaktpersonar:

Sunniva Skålnes Samdal

Tlf: +47 55 08 11 04

Mob: +47 930 35 639

Heimeside:

http://www.austevoll.kommune.no

Adresse:

Birkelandsvegen 2 5392 Storebø

Austevoll kommune

Austevoll er ei øygruppe og ein kommune sør-vest i Vestland fylke. Austevoll er landets største fiskerikommune med svært høg næringsaktivitet og byr på eit mangfald av spennande jobbar. Kommunen sitt administrasjonskontor held til i nye lokalar i kommunehuset på Storebø som ligg 5 minuttars køyring frå ferje- og snøggbåtkai. Kommunen har eit folketal på 5.200 innbyggjarar og dagleg pendlar om lag 700 til Austevoll frå nabokommunar. Vi er om lag 250 fast tilsette som er opptatt av å gje innbyggjarane våre gode kommunale tenester. Vi kan tilby meiningsfylte og utfordrande oppgåver og gode, offentlege pensjons- og forsikringsordningar. Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Vi ønskjer deg velkommen som søkjar til stilling i Austevoll kommune!

 

 

  • Bedrift
    Austevoll kommune
  • Søknadsfrist
    09.01.2022
  • Ansettelsesform
    workTime.Dag
  • Bransje
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5392, STOREBØ
    AUSTEVOLL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4226303
  • Se her for andre jobber fra Austevoll kommune
  • Oppdatert 20.12.2021