Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

STORE RINGHEIM HOTELL OG RESTAURANT AS

ER DU DEN RETTE FOR OSS?

Maling og interiør

Pandemien har ein ende og me ser ei strålande framtid lysa der bak i horisonten. Me ynskjer no å ta eit steg attende og treng forsterking ar i leiinga. Me vil gjerne ha med deg som kan vera ei positiv kraft på laget vårt vidare framover

Er du klar for nye utfordringar og har ein ide om korleis du kan tilføra laget vårt det som trengs for å fortsetja å veksa?

Me søkjer deg som likar utfordringar, er glad i å arbeida med menneske både som medarbeidarar og gjester, som har brei erfaring frå hotell og restaurantnæringa, som vil busetja seg på fagre Voss og vera med på ferda med å utvikla Store Ringheim til å vera "ei reise verdt".

  • Stillinga er krevjande, men gjev også mykje glede sidan me er ein liten organisasjon, så det vert også ein god del gjestekontakt og ein del praktisk arbeid.
  • Stillinga omfattar personalansvar og rekruttering/opplæring, operativt ansvar for drifta av hotell, restaurant og kjøken herunder budsjettansvar, lagerkontroll og bestilling.
  • Stillinga ligg under dagleg leiar og rapporterer til denne.
  • Du bør snakka godt Norsk eller eit anna Skandinavisk språk, samt flytande Engelsk.
  • Utdanning og praksis innan vin/øl og mat er ein stor føremun.

Send nokre ord om kva du kan tilby - og kvifor nettopp DU er den rette for oss. Legg ved CV og referansar.

Skriftleg søknad til svein@storeringheim.no