Ledig stilling

Elkem ASA avd Bjølvefossen

Elkem Bjølvefossen

Ferievikarar

Er du klar for arbeid i sommar?

Vi søkjer etter ferievikarar til produksjonsavdelingane, laboratoriet og vår kai / transportavdeling. Arbeidsturnus etter ein femskiftsplan med 12 timars skift i helgane, to-skiftplan i kai / transportavdelinga.

Vi ynskjer at du har fylgjande kvalifikasjonar:

  • Må vera fylt 18 år
  • Snakke og skrive norsk flytande
  • Fortruleg med bruk av IT-verkty
  • Førarkort kl. B, kran- og truckførerbevis
  • Erfaring frå arbeidslivet
  • Omgjengeleg og arbeidsvillig

Søkjarar med ovannemnde kvalifikasjonar vert prioritert, men andre kan også søkje. Førarkort kl. B er eit krav. Nødvendig opplæring hjå oss må gjennomførast. Personar som kan byrje i opplæring no framover og fungere som vikar fram til sommarferieperioden må skrive det i søknaden.

Lønn etter gjeldande tariffavtalar.

I søknaden må du også opplyse om din tidlegaste oppstartdato og seinaste sluttdato.

Søknadane vert vurdert fortløpande.