Bedrift
Hordaland fylkeskommuneSøknadsfrist
23.10.2019Ansettelsesform
workTime.HeltidBransje
Offentlig forvaltning - Fylkeskommunale etaterUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5008, BERGEN
BERGEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
2166039Se her for andre jobber fra Hordaland fylkeskommune
- Oppdatert 11.10.2019
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Hordaland fylkeskommune
Elektroingeniør - prosjektering av veg og infrastruktur
Offentlig forvaltning - Fylkeskommunale etater
Frå 2020 overtar Vestland fylkeskommune ansvaret for fylkesvegnettet i heile Vestland fylke. Vi set no saman eit spanande team av dyktige fagfolk frå alle kantar av det nye fylket for å løyse denne viktige samfunnsoppgåva. Til saman skal vi rekruttere 100 medarbeidarar i ei rekke ulike fagfelt. Medarbeidarane vil ha arbeidsstad i Leikanger, Bergen, Førde, Odda, Voss og Nordfjordeid. Vi treng deg som har kompetanse innan vegplanlegging, prosjektering, drift og vedlikehald av veg, samt mange fleire fagområder. Bli med frå starten og set ditt preg på ei ny avdeling med stor entusiasme for å gi det nye fylket gode og trygge vegar og god infrastruktur.
Planlegging og Utbyggingsseksjonen har ansvar for planlegging og bygging av fylkesvegar, g-s vegar, tunnelar og bruer i Vestland fylkeskommune. Seksjonen dekker alle fagområde knytt til dette arbeidet; planlegging, prosjektering, grunnerverv, landmåling, geologi, geoteknikk og utbygging/byggherre. Byggherre miljøet er delt i 3 geografiske einingar, Prosjekt Nord (Sogn og Fjordane), Prosjekt Sør (Hordaland) og Prosjekt Bergen.
Elektroingeniør
3 stillingar lokalisert anten i Leikanger eller i Bergen
- Utarbeiding av konkurransegrunnlag (modell/teikningar) for byggefase av sterkstraums elektroanlegg (bl.a. tunnel-, gate- og veglysinstallasjonar)
- Planlegging/prosjektering av radioanlegg, nettverk-, styre- og overvakingssystem for tunnelanlegg
- Innhente, kvalitetsikte og følge opp ressursar som er nødvendig for prosessen
- Oppgåvene kan variere frå mindre kollektivtiltak, kompliserte byprosjekt til større strekningsvise vegprosjekt
- Du må ha førarkort klasse B, i særskilte tilfelle kan krav om førarkort fråvikast.
- Relevant teknisk utdanning frå universitet eller høgskule. Dersom du har sterk og allsidig praksis eller etterutdanning og gode personlege føresetnader for stillinga, kan vi sjå bort frå kvalifikasjonskravet
- Det er ein fordel med erfaring frå planlegging og dimensjonering av veganlegg, herunder veg- og gateutforming og overvannshandtering
- Relevant IKT-kompetanse i bl.a. AutoCAD, Novapoint og 3D-verktøy
- Ei fagleg utfordrande og spennande stilling med stor samfunnspåverknad
- Eit sterkt og inkluderande fagmiljø
- Spennande oppgåver og gode vilkår for fagleg utvikling
- Gode forsikrings- og pensjonsvilkår
Andre opplysningar
Av praktiske årsaker har vi samla fleire stillingar i kvar annonse. Når du søker på stillinga spør vi deg om kva stilling du primært søker på, og kva arbeidsstad du vil ha. Vi spør deg også om du er interessert i andre stillingar og andre arbeidsstader. Dersom det er spesifikke andre stillingar du er interessert i, gi gjerne også beskjed om dette i søknaden din. Dersom du har spørsmål til stillingane, ta kontakt med den leiaren som står oppgitt på di stilling. Om du har spørsmål om tilsetjingsprosessen, kontakt Ruben Nordvik på telefon 969 43 099.
Bedrift
Hordaland fylkeskommuneSøknadsfrist
23.10.2019Ansettelsesform
workTime.HeltidBransje
Offentlig forvaltning - Fylkeskommunale etaterUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5008, BERGEN
BERGEN
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
2166039Se her for andre jobber fra Hordaland fylkeskommune
- Oppdatert 11.10.2019