• Bedrift
    Nortura
  • Søknadsfrist
    23.08.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Næringsmidler - En gros
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Førde
    SUNNFJORD
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6668416
  • Se her for andre jobber fra Nortura
Ledig stilling

Nortura

Elektriker / Automatiker

Næringsmidler - En gros

På Nortura sitt anlegg i Førde styrkjer vi no teknisk avdeling med ein ny teknikar. Her blir du ein del av eit solid fagmiljø med brei kompetanse og lang erfaring, der vi saman byggjer laget som skal møte framtidas utfordringar.

Om teknisk avdeling

Teknisk avdeling består av eit allsidig fagmiljø med høg kompetanse innan fleire fagområde. Her finn du mellom anna kjølemaskinistar, automasjonsteknikarar, industrimekanikarar, elektrikarar, røyrleggjarar og sveisarar.

Kvardagen er variert og omfattar oppgåver innan drift, vedlikehald, feilsøking og forbetring av tekniske anlegg. Fabrikken har ei rullerande teknisk vaktordning, og vi legg til rette for kurs og vidareutdanning som bidreg til å styrkje den samla kompetansen i avdelinga.

Arbeidsoppgåver

  • Drift og vedlikehald av produksjonsutstyr og tekniske anlegg
  • Feilsøking og reparasjon innan mekanikk og automasjon
  • Deltaking i forbetringsarbeid og utviklingsprosjekt
  • Tett samarbeid med produksjon og andre fagmiljø

Vi ser etter deg som har

  • Teknisk utdanning (fagbrev som industrimekanikar, automasjonsteknikar, bilmekanikar eller liknande)
  • Erfaring med bruk av PC og digitale verktøy i arbeidssamanheng
  • Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
  • Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
  • Serviceinnstilt haldning og gode samarbeidsevner
  • Interesse for å lære nytt og utvikle deg fagleg
  • Førarkort klasse B

Vi kan tilby

  • Eit triveleg og inkluderande arbeidsmiljø med kjekke kollegaer
  • Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver
  • Gode moglegheiter for fagleg utvikling
  • Konkurransedyktige løns- og arbeidsvilkår
  • Gunstige pensjons- og forsikringsordningar
  • Kantine og treningsrom
  • Trygg arbeidsplass i ei framtidsretta verksemd

Den som blir tilsett må gjennomføre konsernet sitt HMS- og hygieneopplæringskurs.

Søknader vurderes fortløpende.

 

  • Bedrift
    Nortura
  • Søknadsfrist
    23.08.2026
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Næringsmidler - En gros
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    , Førde
    SUNNFJORD
    search.country.NORGE
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    6668416
  • Se her for andre jobber fra Nortura