Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Surnadal kommune

Einingsleiar ved Mo oppvekstsenter

Brannvesen

100% fast stilling som einingsleiar ved Mo oppvekstsenter frå 1. august 2023.

 

100% fast stilling frå 01.08.23 med barnehage- eller skulefagleg bakgrunn og kompetanse

 

Oppvekstsenteret har ein barnehage med 23 barn og ein skule med 35 elevar.

Det er om lag 17 tilsette i eininga.

Stillinga som einingsleiar er tillagt fagleg og pedagogisk ansvar og økonomi- og personalansvar for eininga.

 

Kvalifikasjonar:

Søkjar må ha godkjent pedagogisk høgskulekompetanse og erfaring enten innafor barnehage eller skule. 

I tillegg ønskjer vi at søkjarane:

- kan og vil leie, har pedagogiske evner og administrative leiareigenskapar

- sett klare mål for verksemda og kan utnytte dei samla ressursane effektivt

- har evne og vilje til samarbeid, kan rettleie og inspirere til utviklingsarbeid

- har relevant leiarutdanning og leiarerfaring 

- har evne til å leie endringsprosessar

- er lojale mot kommunen sine mål og er ein aktiv deltakar i kommunen sitt leiarnettverk

 

 

 Tilfredsstillande politiattest må bli levert før tiltreding.