• Bedrift
    Surnadal kommune
  • Søknadsfrist
    17.05.2022
  • Sted:
    SURNADAL
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Brannvesen
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    MØRE OG ROMSDAL
  • Arbeidssted:
    SURNADAL
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4584849
  • Se her for andre jobber fra Surnadal kommune
Ledig stilling

Surnadal kommune

Einingsleiar Helse og familie

Brannvesen

Er du opptatt av å gi gode opplevingar og meiningsfulle dagar, i ein trygg relasjon til våre engasjerte medarbeidarar?
Vi søker deg som vil vere lagleiar og guide i vårt arbeid med å utvikle våre helse- og omsorgstenester.

Eininga Helse- og familie har 25 tilsette som gir tenester til innbygjarane våre i alle aldrar i kommunen.

Helse- og familie har ansvar for mange viktige og ulike tenesteområde.

 

  • Ved helsestasjon er det jordmor, helsesjukepleiarar og rådgjevarar som følgjer opp svangerskap og barselomsorg, småbarnskontroll, skulehelseteneste, helsestasjon for ungdom og rådgjeving både inn imot enkeltpersonar med og på systemnivå. Oppfølging av vaksinasjonsprogrammet ligg og til helsestasjon. 
  • Fysioterapien har oppfølging av pasientar i alle aldrar og gjennomfører fødselsførebuande kurs, individuelle konsultasjonar og gruppetrening. 
  • Ergoterapitenesta har ansvar for m.a. hjelpemiddeladministrasjon, tilrettelegging av bustad og finmotorisk trening. 
  • Psykisk helse og rusforebygging både for barn og unge samt vaksne er område der eininga har eit særleg ansvar. Psykolog, psykiatrisk sjukepleiar og rådgjevarar følgjer opp i samarbeid med barnehage, skule og NAV for å nemne nokon. 
  • Oppfølging og koordinering av legetenesta lokalt, samt samarbeid opp imot den interkommunale legevaktordninga i Orkdalsregionen er og eit ansvarsområde.
  • Surnadal kommune er vertskommune for kommunane på Indre Nordmøre når det gjeld Miljøretta helsevern, kontroll med sal- og skjenkestader og handheving av røykelova. Oppfølging av desse tenestene er lagt til Helse og familie.

Kommuneplanen sin samfunnsdel, Helse - og omsorgsplanen og Rusmiddelpolitisk handlingsplan, gir mellom anna føringar for eininga sine tiltak i tillegg til lover og forskrifter. Koordinerte tenester, psykisk helse og rus, helsestasjon- og skulehelseteneste og svangerskap/barselomsorg har vore satsingsområda dei siste åra. Busetting av flyktningar og familiegjenforening er og eit viktig område med auka satsing den siste tida. Tenesta fokuserer mykje på fagleg utvikling, organisatorisk utvikling og kompetanseutvikling. 

Helse og familie held til i Familiens hus lokalisert saman med Indre Nordmøre Barnevernsteneste og Pedagogisk psykologisk tjeneste på Indre Nordmøre. Kommunen har bygd nytt aktivitetshus på Sommerrotunet som m.a. rommar aktivitetar for brukargrupper innafor psykisk helse og rus med aktivitetstilbod og lite verksted. 

Helse og familie er i gang med fleire utviklingsprosessar som den nye einingsleiaren har ansvar for å vidareføre og utvikle samen med kompetente medarbeidarar. Utvikling av Surnadal helsehus er eit felles satsingsområde innan helse og omsorg der einingsleiar og vil få ein sentral rolle. 

 

Kommunen ønskjer ein einingsleiar som: 

 

  • Kan og vil leie og har faglege og administrative leiareigenskapar 
  • Kan setje klare mål for verksemda og utnytte dei samla ressursane effektivt 
  • Har evne og vilje til samarbeid, kan rettleie og inspirere til utviklingsarbeid 
  • Har relevant leiarerfaring
  • Har god økonomiforståing, er strukturert og ryddig
  • Har interesse for korleis man kan bruke teknologi for å forbetre arbeidsprosesser og system.
  • Har relevant høgskuleutdanning, gjerne med helse -og/eller sosialfagleg bakgrunn
  • Kan tenke nytt rundt rekruttering og bidra til å dekke kompetansebehovet i eininga 
  • Er lojal til kommunen sine mål

 

Vi tilbyr:

 Surnadal er midt i smørauget for deg som er glad i friluftsliv og friske opplevelser. Her finner du mange innfallsporter til Trollheimen. Med Fjordruta på den ene sida av dalen og Trollheimens rutenett på den andre sida.

 Vi har eit variert næringsliv og eit godt utbygd skoletilbod. Mangfoldet er stort, kulturlivet er rikt og naturen er flott med Trollheimen, fjordar og lakseelver.

 

  • Godt arbeidsmiljø med vekt på fagutvikling og tverrfagleg samarbeid
  • Mulighet for leiarutdanning og videreutvikling
  • Lønn etter gjeldande avtaleverk
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

Flyttegodtgjersle etter reglane i personalplanen

 

For stillinga gjeld:

Nærare opplysningar om stillinga kan du få hos kommunedirektør Knut Haugen tlf.nr.91554069 og på epost knut.haugen@surnadal.kommune.no eller kommunalsjef Gunhild Eidsli, tlf.nr. 97174856 og på epost gunhild.eidsli@surnadal.kommune.no.

I rekrutteringsprosessen har vi bistand frå rekrutteringsfirmaet Headvisor. Du kan derfor også ta direkte kontakt med Torstein Sneisen for en uforpliktande og fortruleg samtale, tlf. 91888186 eller epost torstein.sneisen@headvisor.no for nærare opplysningar.

For å søke på stillinga: 

https://www.headvisor.no/ledige-stillinger/179367-einingsleiar-ved-helse--og-familie---surnadal-kommune

I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bedt om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom ei slik oppmoding ikkje blir tatt til følgje, vil søkjaren bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.

 

Om arbeidsgjevaren

 Surnadal kommune ligg på Nordmøre ved foten av Trollheimen og har ca 6000 innbyggjarar. Vi har eit variert næringsliv og barnehage- og skuletilbodet er godt utbygd. Kommunen har eit svært allsidig kultur- og organisasjonsliv. Naturen er flott og variert, med lett tilgang til skog og mark, fjell, fjordar og elver.

Surnadal kommune er ein stor arbeidsplass med eit mangfald av oppgåver og tenester som blir utført av dyktige medarbeidarar. Vi tilbyr varierte og spanande arbeidsoppgåver, trivelege kollegaer og gode pensjonsordningar. Vi har omlag 670 medarbeidarar fordelt på omlag 540 årsverk. Desse er fordelt på mange ulike arbeidsstader, og med forskjellige yrke og kompetanse. Saman har vi eit felles ansvar for å arbeide til beste for innbyggarane våre. www.surnadal.kommune.no

 

 

  • Bedrift
    Surnadal kommune
  • Søknadsfrist
    17.05.2022
  • Sted:
    SURNADAL
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Brannvesen
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    MØRE OG ROMSDAL
  • Arbeidssted:
    SURNADAL
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    4584849
  • Se her for andre jobber fra Surnadal kommune