Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Samnanger kommune

Einingsleiar for kultur

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Einingsleiar for kultur skal i permisjon og me søkjer vikar i 100 % stilling, ut august 2023 med moglegheit for forlenging.

Kultureininga består av kulturkontor, kulturskule, bibliotek, friskliv- og frivilligsentral og folkehelse. Kultureininga ligg under kommunalsjef for økonomi og organisasjon.

 

Arbeidsoppgåver

  • Har det faglege og administrative ansvaret for avdelinga
  • Personal- og økonomiansvar
  • Skal sikra at kommunen utøver tenestene i tråd med lover og tilhøyrande forskrifter, føresegner, avtaler, vedtekne retningslinjer og planar som gjeld innanfor kulturområdet
  • Avdelingsleiaren sine arbeidsområder omfattar kulturaktivitetar, idrett og friluftsliv, kulturminne, stadnamn, kulturbasert næring, reiseliv og folkehelse
  • Drift, sakshandsaming og administrative oppgåver innan arbeidsområda ovanfor
  • Samningaveko
  • Tursti- og digitaliseringsprosjekt
  • Arbeid med kommuneplanen sin samfunnsdel
  • Prosjektgruppe fleirbrukshall
  • Noko kvelds- og helgearbeid


Kvalifikasjonar

  • Relevant 3-årig høgare utdanning. Anna relevant arbeidserfaring kan kompensera for manglande utdanning.
  • Gode IKT kunnskapar og erfaring frå ulike administrative datasystem som fagsystema Acos websak og Visma Enterprise
  • God kompetanse innan økonomi og budsjett
  • Ønskeleg med erfaring frå leiing


Personlege eigenskapar

  • Søkar må ha gode samarbeidsevner, vera serviceorientert, utåtvent og kunne kommunisera godt skriftleg, munnleg og digitalt overfor ulike målgrupper og aktørar
  • Me søker ein person som er strukturert og nøyaktig, initiativrik, kreativ og ansvarsfull
  • Å vera personleg eigna for stillinga vil bli tillagt stor vekt

 

Me tilbyr

  • Eit fagleg miljø med utfordrande oppgåver, gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling og høve til å vera med å forme ein kommune i positiv utvikling og vekst
  • Lønn, offentleg pensjon og arbeidsvilkår etter gjeldande lov- og avtaleverk
  • Gunstig pensjonsordning, yrkesskade- og gruppelivsforsikring
  • Eit godt og inkluderande arbeidsmiljø, og god samarbeidsånd
  • Fleksible arbeidstidsordningar
  • Gode velferdsordningar
  • Barnehageplass for tilsette sine born

Me ønskjer eit arbeidsmiljø prega av mangfald, og at våre tilsette skal spegla folkesetnaden elles. Me oppfordrar alle som er kvalifisert til å søkja jobb hjå oss uansett alder, funksjonsevne, kjønn eller minoritetsbakgrunn. All utanlandsk utdanning må vera NOKUT godkjent. Me legg vekt på å leggja til rette arbeidsforholda dersom du har behov for det. 

Administrasjonsmålet i kommunen er nynorsk. Alle nytilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader.
Me gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort, sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort, og vil ha moglegheit til å trekkja søknaden. 

Som tilsett i Samnanger kommune vil du bli innmeldt i KLP si pensjonsordning. KLP tilbyr pensjon, bank og forsikringstenester og er Norges største pensjonsselskap. Ordninga dekker alderspensjonar, AFP, uførepensjon, etterlattepensjon, yrkesskade- og gruppelivsforsikring.

Søknadar må leverast innan fristen og må sendast inn via rekrutteringssystemet vårt EasyCruit.