Detaljer

  • Bedrift
    Austevoll kommune
  • Søknadsfrist
    30.10.2019
  • Sted:
    Utvikling og forvaltning
  • Stillingstype:
    Dag
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Fylke:
    Hordaland
  • Arbeidssted:
    Utvikling og forvaltning
  • Land:
    NORGE
  • Antall stillinger:
    1
  • karriere-kode:
    2161505
  • Se her for andre jobber fra Austevoll kommune

Eigedomsforvaltar

Utvikling og forvaltning er ei eining med om lag 35 tilsette og blir leia av kommunalsjef. I denne eininga inngår servicekontor, kultur- og næring, folkehelse og frivilligarbeid, plan- og byggesak, FDV (forvaltning, drift og vedlikehald), brann/redning/beredskap, utbyggingsprosjekt og Austevollbadet.  

 

Austevoll kommune etablerar ei ny stilling som eigedomsforvaltar. Kommunen har dei siste åra skifta ut eigedomsmasse og erstatta den med nytt helsehus, kommunehus, badeanlegg, brannstasjon, omsorgsbustadar – i tillegg til renovering og tilbygg av kommunen sine tre skular.

FDV har ansvar for dagleg drift av kommunen sine eigedomar gjennom vaktmeister-tenesta. For å støtte opp FDV i sine funksjonar er det behov for ein eigedomsforvaltar som kan ta hand om overordna planar innan forvaltning, kjøp/sal av kommunale eigedomar, utleige og branntryggleik.

Stillinga som eigedomsforvaltar vil jobbe tett opp mot eininga Forvaltning, drift og vedlikehald.  Stillinga rapporterer til kommunalsjef.  

 

Ansvars- og arbeidsoppgåver

  • Kjøp/sal av kommunal eigedom.
  • Overordna livsløpsplanar for kommunale eigedomar i samarbeid med FDV.
  • Overordna bustadplan i samarbeid med Helse og omsorg.
  • Utleige av bustadar, skuler, idrettsanlegg, etc.
  • Ansvar for brannrutinar/branntryggleik i kommunen sine bygg og sjå til at brukarane har naudsynte opplæring.
  • Handtere spørsmål knytt til grenser, ansvar, skade, mm på oppdrag frå Plan- og byggesaksavdelinga. 
  • Vurdering av tinglege rettar.

Kvalifikasjonar

  • Jurist, eigedomsmeklar eller annan relevant høgare utdanning med praksis frå arbeidsfeltet
  • Erfaring innan offentleg verksemd er ønskeleg

Søkjar må vere personleg eigna til stillinga. Vi søkjer deg som har gode samarbeidsevner, er løysningsorientert og som har stor arbeidskapasitet. Vidare må du:

  • vere serviceretta.  
  • ha gode kommunikasjonsevner
  • ha god skrifteleg og munnleg framstillingsevne.

Dersom det ikkje melder seg søkjarar med høgare utdanning, kan det vere aktuelt å tilsette kandidatar med annan relevant kompetanse og erfaring innan arbeidsfeltet.

Vi tilbyr:

  • Moglegheit for fagleg utvikling i eit  godt og  positivt fagmiljø
  • Spanande utfordringar
  • Løn etter kvalifikasjonar
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar

 

Korleis søke på stillinga?

Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka "Søk stilling" på denne sida.

Det er søkjar sitt ansvar å sørge for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller annan dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsettingar.

Søknader kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar i kommunen.

 

Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd kan opplysningar om søkjaren verte offentleggjort sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på offentleg søkjarliste. Søkjaren vil alltid bli varsla på førehand dersom søkjarlista vert offentleggjort.

 
Prøv en stillingsannonse på karriere.no
  • 70.000+ unike brukere/mnd
  • Over 70.000 CVer registrert
  • Motta alle søknader ett sted
  • Integrasjon Nav, Finn og lokalaviser
  • Annonsering i sosiale medier