• Bedrift
    Skatteetaten
  • Søknadsfrist
    05.04.2024
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Direktorater og tilsynsorgan
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    0663, OSLO
    OSLO
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5655749
  • Se her for andre jobber fra Skatteetaten
  • Oppdatert 01.04.2024
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Skatteetaten

Dyktige rekrutteringsrådgjevarar treng leiara som lar oss ha det kjekt på jobb!r

Direktorater og tilsynsorgan

Dersom du brenn for rekruttering som fag og elskar å vere leiar for ein gjeng med dedikerte medarbeidarar, er du den vi ser etter. Du må setje like stor pris på å ha det kjekt på jobb som oss.
Rekrutteringsoppgåvene i Skatteetaten vart i mai 2023 samla i ein seksjon i HR-avdelinga. Gruppa har ansvar for fagleg utvikling, operativ rådgjeving og hjelp til leiarar ute i organisasjonen. Målet vårt er å få til heilskaplege rekrutteringsprosessar som er i samsvar med Skatteetaten sine strategiar. Vi likar å vere på hugget, prøve ut nye metodar og trender innanfor vårt fagfelt.

Kvalifikasjoner:

Du har fortrinnsvis ein mastergrad, og fag/sertifiseringar som er relevante for rekrutteringsområdet.
Du må ha solid erfaring med operativ rekruttering i offentleg sektor, fortrinnsvis statleg verksemd.
Du må ha erfaring med å leie medarbeidarar på fleire lokasjonar.
Du har leiarerfaring og erfaring med personalansvar.
Du har inngåande prosess- og endringskompetanse innan rekrutteringsfaget på taktisk og strategisk nivå.
Du har sertifisering innan evne- og personlegdomstestar.
Det er ein fordel med DNV-sertifisering innan rekruttering.
Du har forståing for juridiske problemstillingar knytt til statsansattelova og rekruttering.
Det er ein fordel med erfaring med å jobbe i ein matriseorganisering

Personlige egenskaper:

Du er ein strategisk og løysingsorientert person som klarer å omsetje strategiske retningsliner til praktiske og velfungerande prosessar innan ditt fagområde.
Du er ein god planleggjar og kan fordele ressursar i organisasjonen på ein god og effektiv måte.
Du har eit engasjement mobiliserer og utviklar eit godt rekrutteringsteam
Du er god til å skape relasjonar og samarbeide godt på alle nivå i organisasjonen
Du elskar nye metodar og løysingar for korleis vi skal uvikle rekruttering.
Du vågar å prøve og utfordre etablerte sanningar.

Vi tilbyr:

Høyres det givande ut å jobbe ein stad med eit inspirerande samfunnsoppdrag? Då trur vi at du vil trivast hjå oss! Vi kan lokke med moglegheita til å arbeide med samfunnsaktuelle saker i ein nytenkjande organisasjon som haustar stor tillit i befolkninga. Du får jobbe tverrfagleg med kollegaer frå andre fagområde, og med store moglegheiter til å planlegge din eigen arbeidsdag.

Du vil bli leiar for ei gruppe med stor takhøgde, og som elskar faglege diskusjonar. Det er viktig for oss å ha eit godt arbeidsmiljø og ha det kjekt på jobb, sjølv om vi sit på ulike stader i vårt langstrakte land

Hos oss får du rammer som sikrar deg ein fornuftig balanse mellom jobb og fritid: du får fleksitid og betalt overtid, sommartid, samt høve til å trene litt i arbeidstida. Medlemskap i Statens pensjonskasse følgjer òg med. Det betyr mellom anna at du får ein av Noregs beste pensjonsordningar og høve til å søkje om bustadlån med gunstige vilkår. Les meir på spk.no

Vi veit at mange ønskjer seg ein hybrid og fleksibel arbeidskvardag med moglegheiter for å veksle mellom å jobbe heimefrå og møtast på kontoret. Det vil vi sjølvsagt tilretteleggje for. Hos oss kan ein inngå avtale om heimarbeid når arbeidsoppgåvene tilseier at det lar seg gjere.

Du blir tilsett som underdirektør med ein årslønn mellom 800 000,- og 996 000,- kr, avhengig av kvalifikasjonane dine. For spesielt kvalifiserte kandidatar kan vi vurdere å gi noko høgare lønn enn dette

 



Verdt å merkse seg før du søkjer.

Vi er meir opptatt av kva du kan, dine erfaringar og kompetanse enn kor flink du er til å skrive ein jobbsøknad. Derfor ber vi deg om å levere ein god og beskrivande CV der du får fram kva du har gjort og oppnådd som gjer deg kvalifisert for stillinga du søkjer på. Du treng altså ikkje å skrive eller leggje ved eit søknadsbrev.

Vi vil at du skal føle deg trygg på valet når du takkar ja til å jobbe hjå oss. Dersom du er aktuell for stillinga, tilbyr vi deg ein omvendt referansesjekk. Det betyr at du får ringe nokre av våre medarbeidarar og stille dei spørsmål du måtte ønskje for å finne betre ut om vi er ein god match.

Vi er på jobb for alle og skal vere ein god stad å jobbe for alle. Likeverd, likestilling og mangfald er ein del av kulturen vår, og vi har nulltoleranse for diskriminerande praksis og oppførsel. Har du hol i CV-en din, funksjonsnedsetjing eller innvandrarbakgrunn, vil vi oppmode deg til å krysse av for dette når du søkjer stillinga hjå oss. Det gir deg høve til å få positiv særbehandling. Vi kallar alltid inn minst éin kvalifisert kandidat frå kvar av desse gruppene til intervju.

Når du søkjer jobb hjå oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkjarliste. Det er mogleg å be om å bli unntatt denne søkjarlista. Då må du i så fall grunngje kvifor du ønskjer det, og vi tek deretter stilling til om vi kan innvilge ønsket ditt. Kan vi ikkje det, høyrer du sjølvsagt frå oss.

 

 

  • Bedrift
    Skatteetaten
  • Søknadsfrist
    05.04.2024
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Direktorater og tilsynsorgan
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    0663, OSLO
    OSLO
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5655749
  • Se her for andre jobber fra Skatteetaten
  • Oppdatert 01.04.2024