• Bedrift
    Fjord1 ASA
  • Søknadsfrist
    07.07.2024
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Ferger
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6905, FLORØ
    KINN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5787436
  • Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA
Ledig stilling

Fjord1 ASA

Du skapar dei gode relasjonane og får mannskapskabalen til å gå opp!

Ferger

ØNSKJER DU Å JOBBE MED REKRUTTERING, BEMANNING OG OPPFØLGING AV PERSONELL?
Likar du å handtere fleire oppgåver samtidig? Er du god på å etablere relasjonar med ulike mennesketypar?

Ein av vår erfarne og dyktige bemanningskoordinator skal skal ha eit års permisjon, og vi har difor ledig engasjement ved kontoret i Florø. Engasjement gjeld for perioden 01.09.2024 til 01.09.2025. Det vil også vere moglegheiter for at stillinga kan bli fast. 

Som bemanningskoordinator inngår du i eit team beståande av operativ leiar, teknisk inspektør i tillegg til deg sjølv. Saman har dykk ansvar for ei portefølje av fartøy som skal driftast best mogleg til ei kvar tid. I denne stillinga vil du ha ansvaret for Fylkesvegsambandet Sogn og fjordane, og Anda-Lote. 

Vi har spurt våre erfarne bemanningskoordinatorar korleis dei vil beskrive sin arbeidskvardag, og kvifor du burde søkje stillinga? I rolla som bemanningskoordinator er det aldri kjedeleg, og ingen dag er heilt lik. Det er stor variasjon i arbeidsoppgåver, og god moglegheit for kontinuerleg læring. Den kontakten du får, og skapar med kollega på både sjø og landsida i organisasjonen gjer dette til ei viktig og spennande stilling. Problemløysing er ein del av kvardagen, og du må finne glede i å løyse små og store utfordringar.  

Kven håpar vi at du er?

For å trivast som bemanningskoordinator må du ha pågangsmot. Du må klare å være positiv og entusiastisk sjølv i vanskelege situasjonar, og arbeide konstruktivt under press. Du er ein som påverkar dine omgjevnader heller enn å reagere på dei. Du må også være ein problemløysar som ser det store bilete.

Og kanskje det aller viktigaste om du skal lykkast i denne rolla er at du er ein relasjonsbyggjar. Du søkjer stadig etter måtar å etablere truverdigheit, tillit og innflytelse i relasjonane dine. Du evnar å samarbeide med andre på tvers av eigen avdeling, og du møta andre på ein open måte som får andre til å føle seg velkommen og sett. 

Lura du fortsett på kvifor du skal søkje? 

Du blir del av eit team som er bygd på kjerneverdiane godt humør, open og ærleg, påliteleg, lønsemd, samhandling og stoltheit. Vi trur på den positive effekten av godt humør, og skapar ein arbeidskultur der smil og engasjement trivast. Vi set stor pris på open kommunikasjon og ærlege tilbakemeldingar, dette trur vi er med på å skape tillit.

Vi er opptekne av å dele tankar og idear fritt. Vi tar pålitelegheit på alvor og drivast av å levere kvalitet i alt vi gjer. For å lukkast må vi ha smarte strategiar, god lønsemd og effektiv drift slik at vi skapar rom for vekst og utvikling.


Høyrest dette spennande ut? Søknadar vert vurdert fortløpande, så vi vil gjerne at du sender oss din søknad snarast mogeleg. 

Kvalifikasjoner:

  • Det er ein fordel med relevant høgare utdanning 
  • Relevant erfaring kan kompensere for manglande formell utdanning
  • Erfaring og kunnskap i bruk av IT-verktøy
  • Evne til å arbeide i team
  • Gode norskkunnskaper skriftleg og muntleg er eit krav

Personlige egenskaper:

  • Strukturert og systematisk arbeidsform
  • Proaktiv, resultatorientert og fleksibel
  • Evne til å arbeide sjølvstendig, men også i team
  • Evne til å skape gode relasjonar  
  • Gode kommunikasjonsegenskaper

Vi tilbyr:

  • Ei utfordrande og sjølvstendig stilling
  • Muligheit for å lære, vekse og utvikle seg 
  • Konkurransedyktig løn, forsikring og pensjonsordning
  • Godt arbeidsmiljø
  • Fleksible arbeidsordningar
  • Dyktige kollegaer
  • Gode velferdsordningar
 

  • Bedrift
    Fjord1 ASA
  • Søknadsfrist
    07.07.2024
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Ferger
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    6905, FLORØ
    KINN
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5787436
  • Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA