Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Alsaker Fjordbruk AS

Driftsoperatør ved Bjølve bruk

Fiskeoppdrett

Bjølve Bruk AS er eit settefiskanlegg i Alsaker Fjordbruk konsernet, med ein produksjon på 2,5 mill. smolt. I tillegg produserer anlegget om lag 3 mill. yngel og settefisk. Anlegget har gjennomgått ei større ombygging og står fram som eit topp moderne settefiskanlegg.

Me er lokalisert i Ålvik i Hardanger, om lag 30 minuttar frå Norheimsund, og er totalt 7 motiverte og kjekke tilsette som no søkjer ny medarbeidar.


Ein driftsoperatør sine daglege oppgåver er mellom anna

  • Fôring, kontroll og tilsyn av rogn, yngel og smolt
  • Drift av utstyr og anlegg
  • Produksjons- og kvalitetsoppfylging

Ynskjelege kvalifikasjonar:

  • Ansvarsbevisst, engasjert og bidragsytar i arbeidsmiljøet
  • Er sjølvstendig og fleksibel, med evne til å stå på når det trengs
  • Har teknisk innsikt og evnar å setje seg inn i tekniske løysingar

Me oppmodar personar med lokal tilknyting om å søkja.
Har du utdanning eller erfaring innan akvakultur, er det eit stort pluss!

Me kan tilby deg:

  • Jobb i eit av dei leiande norske oppdrettsselskapa for produksjon av laks
  • Utfordrande arbeidsoppgåver i eit triveleg miljø
  • Moglegheit for fagleg utvikling
  • Konkurransedyktige betingelsar og gode pensjons- og forsikringsordningar

Opplæring vil bli gjeven. Driftsoperatør må pårekna å delta i alarm- og helgevaktordning på anlegget, med fleksibel avspaseringsordning.

Løn og tiltreding etter avtale.

Søknadsfrist snarast og innan 22. april 2024