Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Kvam Herad i Brønnøysund

Driftsoperatør

Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon

Er du serviceinnstilt, glad i å vera ute og ikkje redd for å ta i eit tak?

Då er det gjerne du som kan sjå fram til ein variert arbeidskvardag som driftsoperatør i Kvam herad.

Me har ledig 100 % stilling som driftsoperatør frå 15.august 2024.

Avdelinga veg og anlegg har 6 tilsette (5 operatørar og 1 driftsleiar). Avdelinga har ansvaret for drift og vedlikehald av ca. 110 km kommunal vegar. 

Arbeidsoppgåver

  • Drift og vedlikehald av kommunale vegar og anlegg, td. kantslått, felling av skog, grøfting, vintervedlikehald, og anna førefallande vedlikehaldsoppgåver.
  • Delta i vaktordning bl.a. knytt til vintervedlikehald og beredskap

Kvalifikasjonar

  • Fagbrev eller anna relevant utdanning innan veg-/anlegg eller maskintekniske fag. Relevant arbeidserfaring kan vega opp for manglande formell utdanning
  • Erfaring med liknande arbeidsoppgåver
  • Maskinførarbevis på gravemaskin og hjullastar er ønskjeleg
  • Førarkort klasse C
  • Kransertifikat G8 og truck er ønskjeleg
  • God norskkunnskap

Personlege eigenskapar

  • Me søkjer deg som:
  • Har interesse for fagfeltet
  • God datakunskap
  • Er fleksibel
  • Samarbeidsvillig
  • Er sjølvstendig
  • Er effektiv, pliktoppfyllande og lojal

Vi tilbyr

  • Varierte, spanande og utfordrande oppgåver på ein triveleg arbeidsplass
  • Mykje kontakt med kundar og publikum
  • Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
  • Gode pensjons-/og forsikringsordningar

Generell informasjon:

I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.