Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Surnadal kommune

Driftsleiar vatn og avløp i Surnadal kommune

Brannvesen

SURNADADL KOMMUNE SKAL TILSETTE NY DRIFTSLEIAR FOR VATN OG AVLØP I 100% FAST STILLING

Stillinga sitt ansvarsområde er å leie og administrere vedlikehaldsarbeidet på kommunale VA-anlegg og følgje opp investeringar og utbygging på VA-området.

 

Ønska kvalifikasjonar:

  • relevant teknisk utdanning innan fagområdet 
  • arbeidserfaring frå fagområdet er ønskeleg
  • gode norskkunnskapar, muntleg og skriftletg 
  • gode IT-kunnskapar
  • førarkort kl. B

 

Arbeidsoppgåver:

  • administrere dagleg drift av kommunen sine VA-anlegg
  • planlegge, prosjektere og følgje opp utbyggingsprosjekt
  • vedlikehald av Gemini VA leidningskart og VA register
  • andre oppgåver som kan bli lagt til stillinga

 

Vi kan tilby:

- Varierande arbeidsoppgåver med gode mulegheiter for eigenutviklingi eit triveleg og godt arbeidsmiljø.

- Ein organisasjon med god kompetanse

- Eit godt utbygd IKT- og driftsovervakingssystem

- Gode pensjons- og forsikringsordningar

- Lønn etter avtale

- Flyttegodtgjersle etter reglane i personalplanen