Detaljer

  • Bedrift
    Eidfjord kommune
  • Søknadsfrist
    07.02.2021
  • Sted:
    EIDFJORD
  • Bransje:
    Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
  • Utdanningskrav:
    Ønskelig
  • Arbeidserfaring:
    Ønskelig
  • Ønsket Språk:
    Norsk
  • Fylke:
    VESTLAND
  • Arbeidssted:
    Eidfjord
  • Land:
    NO
  • Antall stillinger:
    3
  • karriere-kode:
    3361016
  • Se her for andre jobber fra Eidfjord kommune

Spørsmål rettes til

Geir Underhaug
tlf: 53673500


DIVERSE STILLINGAR

Ledige stillingar i Eidfjord kommune

l 100% fast stilling for rådgjevar arealplan

Forvaltningsavdelinga består i dag av sju årsverk, og er ansvarleg for handsaminga av saker innanfor m.a. plan, byggjesak, landbruk, vilt- og naturforvaltning, kart- og oppmåling, og matrikulering. Me ser etter nokon med interesse for feltet, og som kan bidra til god kvalitet i kommunen sitt planarbeid.

Arbeidsoppgåver

  • Handsama private arealplanar
  • Førebu plansaker til politisk handsaming
  • Utarbeida kommunale arealplanar
  • Rettleia private, utbyggjarar og næringsliv
  • Ajourføring og forvaltning av kommunen sine kartbasar

Som tilsett på eininga må du dessutan rekna med å ta del i oppgåver knytt til tilgrensande saksfelt.

    Kvalifikasjoner

    • Relevant høgskule- eller universitetsutdanning, fortrinnsvis innan arealplanleggjing
    • I særskilde høve kan lang erfaring innan fagfeltet kompensera for manglande utdanning
    • Erfaring frå offentleg forvaltning er ein føremon, men ikkje eit krav
    • Det er ynskjeleg med kjennskap til plan- og bygningslova
    • Evne til å arbeida nøyaktig, effektivt og sjølvstendig
    • Evne til å formulera deg klart og tydeleg, skriftleg og munnleg
    • Personlege eigenskapar vil verta vektlagde

      Me tilbyr

      • Høve til vidareutdanning
      • Høve til å vera med på å påverka eigen arbeidskvardag
      • Hjelp til å skaffa bustad
      • Løn etter avtale

      l 100% fast stilling for VA-ingeniør

      VA-avdelinga består i dag av 2,43 årsverk samt 4 personar på vekesvaktordning. VA-nettet består av 6 vassverk, 4 reinseanlegg, 30 pumpestasjonar samt høgdebasseng og trykkaukestasjonar. Med store investeringar og utbyggjingsprosjekt i offentleg og privat regi ynskjer Eidfjord kommune og styrkja kompetansen på VA.Me ser etter nokon som kan vera med å vidareutvikla og vedlikehalda infrastrukturen på VA-nettet til heile kommunen.

      Arbeidsoppgåver

      • Driftsansvarleg for VA-anlegg i heile kommunen
      • Utarbeida vaktplanar
      • Delta i vekesvaktordning på VA-anlegg
      • Vera bindeledd mellom driftsoperatørar og kommuneleiing
      • Sakshandsaming innan fagfeltet
      • Ansvarleg for innrapportering for VA-sektoren
      • Personalansvar for driftsoperatørar

        Kvalifikasjoner

        • Relevant utdanning innan VA/kommunalteknikk
        • Lang erfaring kan kompensera for manglande utdanning
        • Erfaring frå andre kommunar eller offentleg forvaltning er ein føremon
        • Erfaring med innkjøp etter LOA (Lov om offentlege anskaffelsar)
        • Evne til å arbeida nøyaktig, effektivt og sjølvstendig
        • Evne til å formulera deg klart og tydeleg, skriftleg og munnleg
        • Personlege eigenskapar vil verta vektlagde

          Me tilbyr

          • Høve til vidareutdanning
          • Høve til å vera med å påverka eigen arbeidskvardag
          • Hjelp til å skaffa bustad
          • Løn etter avtale

          l 80% mellombels stilling (60% Ulvik herad, 20% Eidfjord kommune) for prosjektleiar helse og omsorg

          Helse - og omsorgssektoren i Ulvik herad og Eidfjord kommune har fleire utviklingsprosjekt på gang og me søkjer difor prosjektleiar til å leia desse. Helse og omsorgssektoren har stort fokus på endring og omstilling for å imøtekoma framtida sine krav til tenesteproduksjon. Eit stort satsingsfelt er velferdsteknologi der ein skal jobba tverrsektorielt og inkludera IT, teknisk eining og både ute- og inneteneste innan pleie- og omsorg. Prosjektleiar skal vera både pådrivar for framdrift og sikra implementering av endringar.

          Stillinga er prosjektfinansiert og varer 1 år, med mogeleg forlenging. Denne stillinga er eit samarbeid mellom Ulvik herad og Eidfjord kommune (Ulvik 60 % og Eidfjord 20%). Prosjektleiar vil ha kontorstad i begge herada.

          Arbeidsoppgåver

          • Delta i prosjektmøter på vegne av herada
          • Søkja tilskot til velferdsteknologi og andre prosjekt
          • Sikra kontinuitet i prosjekta
          • Rapporteringsansvar for prosjekta
          • Kunnskapsdeling, implementering og nettverksbygging
          • Implementera endringar i samarbeid med avdelingsleiarar

          Kvalifikasjonar

          • Helsefagleg bakgrunn, fortrinnsvis 3- årig høgskule
          • Leiar- og utviklingskompetanse er ei føremon
          • Erfaring kan erstatta utdanningsnivå

          Personlege eigenskapar

          • Evne til initiativ og sjølvstendig arbeid
          • Fleksibel og endringsvillig
          • God munnleg og skriftleg formidlingsevna
          • Kan jobba strukturert og følgja tidplanar
          • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner

          Personleg eigenskapar vert vektlagt

            Me tilbyr

            • Eit godt arbeidsmiljø
            • Ei verksemd i utvikling
            • Fagleg utvikling
            • Utfordrande arbeidsoppgåver
            • Fleksibel arbeidstid
            • Konkurransedyktig løn

              Ynskjer du å få søknaden handsama konfidensielt, må dette grunngjevast i søknaden, jf. offentleglova § 25, andre ledd.
              Politiattest jf. Helse- og omsorgstjenesteloven § 5-4 må leggjast fram ved tilsetting.
              Tilsetjing vil skje på dei vilkår og med dei plikter som følgjer av gjeldande lovverk, reglement og tariffavtalar.

            Sjå fullstendige lysingar på heimesida vår: www.eidfjord.kommune.no