• Bedrift
    Headvisor
  • Søknadsfrist
    28.11.2022
  • Stillingsfunksjon
    Direktør – operativ dagleg leiar
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Reisebyrå
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5783, EIDFJORD
    EIDFJORD
    Norge
  • Andre arbeidssteder
    Hardanger
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4852291
  • Se her for andre jobber fra Headvisor
  • Oppdatert 09.11.2022
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Headvisor

Vil du leia ei kommersialisert og målbar reiselivssatsing i Hardanger?

Direktør – operativ dagleg leiar - Book Hardanger AS

Reisebyrå

Book Hardanger AS er eit selskap under etablering og skal eigast av Fjord Tours Group med 33%, lokale reiselivsaktørar med 33% og dei to kommunane Eidfjord og Ulvik med til saman 33%.

Me søkjer Direktør – operativ dagleg leiar  som får i oppgåve å byggja opp selskapet Book Hardanger med organisasjon, og gjennomføra selskapet og styret sine målsettingar.

 
Me er på jakt etter deg som:

  • Ynskjer å vera i, og leia eit verdiskapande selskap i Hardanger - ein viktig reiselivsregion.
  • Kan byggja opp og utvikla eit sterkt selskap gjennom digitalt salg og distribusjon av reiselivsprodukta i Hardanger.
  • Digitalt sal og distribusjon er sentralt i selskapet sin forretningsmodell. Det skal etablerast ein organisasjon som har god innsikt i bruk av digitale verktøy, design, fotobruk og visuell historieforteljing til salsfremjande materiell.
  • Evne til å forstå reiselivsrelaterte bedrifter i Hardanger sine samansette behov, og kunne omsetja desse til verdiskapande aktivitetar og prosjekt.
  • Har arbeidskapasitet til å nå målsettingane for selskapet sitt styre og eigarar i selskapet.
  • Har god økonomi- og forretningsforståing.
  • Har erfaring frå salgs- og marknadsarbeid.
  • Er effektiv og gjennomføringssterk.
  • Trivst med menneske og byggjer nye relasjonar lett.
  • Har struktur nok, men samtidig fleksibel og trivs med ein uføreseieleg kvardag.
  • Trivst med å vera leiar, i ei synleg og krevande rolle, med fokus på å byggja fellesskap og skapa identitet og oppslutning for selskapet.

 

Ønska kvalifikasjonar og bakgrunn:

  • Relevant utdanning og arbeidserfaring.
  • Kan visa til tidlegare resultat.
  • Relevant leiarerfaring og gjerne også styreerfaring.
  • Sterkt samfunnsengasjement, har interesse for nye trendar og evnar å sjå overordna utfordringar.
  • Erfaring frå handtering av media og har gjerne kontaktar i bransjen.
  • God muntleg og skriftleg formidlingsevne i norsk og engelsk.

 

Me tilbyr:

  • Ei moglegheit til å vera med og setja retning for ei berekraftig utvikling for reiselivet i Hardanger.
  • Ein arena for å skapa begeistring omkring ambisiøse strategiske mål og realisera desse saman med motiverte medarbeidarar og kundar.
  • Me kan tilby ei unik moglegheit til å løfta reiselivssatsinga i Hardanger og gjera det enklare å oppleva Hardanger på miljøvennleg vis. Med solide eigarar med stort engasjement, er det eit sterkt grunnlag for å utvikla eit heilårleg, berekraftig reisemål.
  • Fjord Tours Group, eigd av transportaktørane Vygruppen og Fjord1, tilbyr miljøvennlege pakkereiser med tog, buss og båt til bl.a. Hardanger. Fjord Tours Group har investert tungt i ein ny digital plattform for pakketering av reiser, og vil vera ein sentral samarbeidspartner for det nye selskapet.
  • Du vil ha arbeidsstad i Hardanger, med kontor og forretningsadresse i Eidfjord.
  • Behjelpeleg med bustad. 
  • Løn- og arbeidsvilkår etter avtale.

 

Suksesskriterier for rolla

Som leiar er du god til å etablera og ivareta gode relasjonar, og kommuniserar godt både internt og eksternt. Den rette kandidaten skal reindyrka forretningsideen til Book Hardanger og vere mykje til stades blant kundane til selskapet. Den rette kandidaten er oppdatert på globale trendar og politikk, er lyttande, tør å utfordra og evnar å finna løysingar saman med næringsliv og politiske myndigheiter. Leiaren må i ei omskifteleg verd vera utviklingsorientert, nysgjerrig og skapa begeistring omkring nye og berekraftige strategiar med evne til å realisera desse.

Reiselivsbransjen er i sterk omstilling etter krevjande år med pandemi, og konkurransen er tøff. Det er avgjerande for selskapet å lykkast kommersielt og strategisk, og dette er viktige forutsetningar ein må ha for denne stillinga.

Kontaktinformasjon

Ved spørsmål, kontakt ein av våre rådgjevarar hjå Headvisor, Per Jorem tlf.400 21 560 / Erlend Låstad, tlf. 414 44 344, eller styreleiar Oddvar Brakestad tlf. 911 67 511.

Kortfatta søknad med CV sendast snarast og innan
28.11.2022. Alle førespurnader til våre rådgjevarar vert behandla fortruleg inntil anna er avtala.


Om Book Hardanger AS

Dei to kommunane Eidfjord og Ulvik, lokale reiselivsaktørar og den nasjonale reiselivsaktøren Fjord Tours Group, har gått saman om å etablera eit nytt selskap, Book Hardanger, som skal auka verdiskapinga i reiselivsrelaterte verksemder gjennom kommersielt sal på digitale plattformar. Selskapet ynskjer også engasjement for produktutvikling og auka transport- og mobilitetsløysingar som kan gjere det enklare å oppleva Hardanger, og auka etterspurnaden frå norske og internasjonale ferie- og fritidsreisande.

Reiselivsnæringa i Hardanger er særs viktig, og Hardanger er ein reiselivsdestinasjon av nasjonal betydning. Reiselivet i Hardanger har ein omsetnad på ca. 1 milliard kr og sysselset over 1300 personar i regionen.

 
 

  • Bedrift
    Headvisor
  • Søknadsfrist
    28.11.2022
  • Stillingsfunksjon
    Direktør – operativ dagleg leiar
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Fast
  • Bransje
    Reisebyrå
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    5783, EIDFJORD
    EIDFJORD
    Norge
  • Andre arbeidssteder
    Hardanger
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    4852291
  • Se her for andre jobber fra Headvisor
  • Oppdatert 09.11.2022