• Bedrift
    Framtidsfylket AS
  • Søknadsfrist
    15.03.2024
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Trainee
  • Bransje
    Bemanning og rekruttering
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ikke påkrevet
  • Ønsket Språk
    Norsk
  • Adresse
    6863, LEIKANGER
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5487902
  • Se her for andre jobber fra Framtidsfylket AS
  • Oppdatert 09.01.2024
Ledig stilling

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Framtidsfylket AS

Vil du bidra til å skapa ein enklare digital kvardag?

Digitaliseringsdirektoratet søker trainee: IT

Bemanning og rekruttering

Digdir er regjeringas fremste verktøy for raskare og samordna digitalisering av offentleg sektor. I vår avdeling har vi eit spesielt ansvar for utvikling, drift og oppfølging av nasjonale fellesløysingar, som mellom anna ID-porten, digital postkasse og eInnsyn.

No ser me etter ein trainee med kunnskap og interesse for teknologi, som vil ivareta løysingane våre og gi støtte til nye og eksisterande kundar.

 

Som trainee i Digdir får du:

  • løn i spennet kr 500 000 - kr 620 000 etter kvalifikasjonar
  • utfordrande og varierte arbeidsoppgåver med stor moglegheit for personleg utvikling og kompetanseheving innanfor eit av Noregs mest spennande kompetansemiljø
  • eit godt arbeidsmiljø med ein uformell tone og stor vilje til å skape noko saman med dedikerte kollegaar
  • treningsrom og høve til trening i arbeidstida
  • arbeidsstad i våre lokalar på Leikanger
  • gode forsikrings- og pensjonsvilkår i Statens pensjonskasse
  • fleksibel personalpolitikk med gode arbeidstidsordningar

Dette vil du jobbe med:

Hjå oss får du jobbe med den daglege forvaltninga av samfunnskritiske fellesløysingar og oppfølging av over 1600 offentlege verksemder og deira leverandørar. Dette er verksemder som mellom anna Skatteetaten, Nav, Statens Lånekasse, Helsedirektoratet og kommunar.

Typiske arbeidsoppgåver for deg som trainee:

  • Følge opp kundar og leverandørar i servicedesken. 
  • Integrasjon av tenester i fellesløysingar som blant anna ID-porten, eInnsyn, eFormidling.
  • Feilsøking og analyse.
  • Utarbeide og vedlikehalde teknisk dokumentasjon.
  • Ivareta kundeperspektivet inn mot utviklingsteama.

Arbeidsoppgåvene blir tilpassa deg. 

Kven er du?

Du har IT-fagleg utdanning, gjerne innan IT-drift, systemutvikling, informasjonsteknologi eller informasjonsbehandling. Me ser etter deg som er omgjengeleg, løysingsorientert og engasjert, og som ynskjer å bidra til ei raskare og meir samordna digitalisering av offentleg sektor. Me er framoverlente, nysgjerrig på ny teknologi og serviceorienterte. Det ynskjer vi at du og er. Hjå oss vil du jobbe både sjølvstendig og saman med andre.

Kvifor Digdir?

I tillegg til spennande faglege utfordringar kombinerer me fleksibel arbeidstid med fantastiske mogelegheiter for kortreiste friluftseventyr i kvardagen. Sogn er kjent for sin gode laussnø og fantastiske sykkelstiar, og tilbyr eit inkluderande og kompetent friluftsmiljø.

Med eit ungdommeleg studentmiljø og mange spennande fritidstilbod er Sogn og Leikanger ein attraktiv stad å bu.


Som Framtidsfylket Trainee får du:

  • Ein spennande jobb og eit nettverk med andre traineear i bedrifter i Vestland fylke
  • Innsyn i eit mangfaldig næringsliv som for få kjenner til
  • Eigen mentor i bedrifta som følger deg opp
  • Fellessamlingar med fagleg og sosialt program
  • Studietur til utlandet
  • Vestlandet 💚

Felles krav til alle som søker stilling som Framtidsfylket-trainee:

  • Minimum bachelor, master eller fagskuleutdanning
  • Maksimalt tre års arbeidserfaring etter studium
  • Du må forstå og kommunisere på norsk. Sjå elles arbeidsgjevar sine krav for språkkunnskap.

Du vil jobbe som trainee hos oss i eitt år – frå august 2024 til august 2025.

 

  • Bedrift
    Framtidsfylket AS
  • Søknadsfrist
    15.03.2024
  • Heltid/Deltid
    Heltid
  • Ansettelsesform
    Trainee
  • Bransje
    Bemanning og rekruttering
  • Utdanningskrav
    Påkrevet
  • Arbeidserfaring
    Ikke påkrevet
  • Ønsket Språk
    Norsk
  • Adresse
    6863, LEIKANGER
    SOGNDAL
    Norge
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    5487902
  • Se her for andre jobber fra Framtidsfylket AS
  • Oppdatert 09.01.2024