Ledig stilling

Utlendingsdirektoratet

Digital opplæring- og informasjonsmedarbeidar - Gjøvik

Offentlig forvaltning

Er du ein god kommunikator som veit å tilpasse bodskapen til målgruppa? Og vil du bruke kompetansen din på eit viktig samfunnsoppdrag som har innverknad på enkeltmenneskes liv? Då er stillinga som digital opplæring- og informasjonsmedarbeidar ved UDIs regionkontor på Gjøvik noko for deg. 
 
Regionkontoret i Gjøvik er ein del av Mottak- og retur i UDI. Vi er ein beredskapsorganisasjon og migrasjonssvingningane har direkte innverknad på arbeidet vårt gjennom ansvaret vi har for innkvartering av asylsøkjarar. God og treffande opplæring av tilsette i asylmottak og informasjon til våre brukarar og samarbeidspartnarar er alltid viktig, og særleg når vi er i beredskap. Vi har eit hovudansvar for opplæring av mottakstilsette, og har no eit større fokus på utvikling av digital opplæring. UDI produserer informasjon til bebuarar, asylmottak, driftsoperatørar og andre samarbeidspartnarar som til dømes vertskommunar og Statsforvaltar. Som opplærings- og informasjonsmedarbeidar blir du ein del av eit team som jobbar med informasjon og opplæring på tvers av regionane i Mottak og retur, samt samarbeider med UDIs nettredaksjon for å vidareutvikle våre nettsider. Du skal også bidra inn i utviklinga av digitale plattformer for informasjon til, og opplæring av, tilsette i asylmottak, utarbeiding av e-læring, film og bruk av eventuelt andre digital verktøy. Du skal også bidra innan det visuelle på vår Sharepoint-portal for mottakstilsette, og bidra i arbeidet med universell utforming av vår informasjon frå Mottak og retur. 
 
Vi er opptekne av læring og kontinuerleg forbetring for å sørgje for gode tenester til brukarane våre. Det er viktig for oss at du bidreg i vidareutviklinga av tenestene våre. Du kjem til å samarbeide tett med leiar og saksbehandlarar på regionkontoret og vere ein del av tverrfaglege team på tvers av regionane og resten av UDI.

Kvalifikasjoner:

Du må ha: 

  • Utdanning på bachelornivå, gjerne innanfor grafisk design, media og kommunikasjon. Solid og relevant erfaring kan kompensere for utdanningskravet. 
  • Erfaring med utvikling av digitale plattformer, gjerne Elucidat og CrossKnowledge 
  • God kjennskap til Adobe-programma inkludert Photoshop, Illustrator og InDesign 
  • Kunnskap om kommunikasjon og formidling, gjerne mot målgrupper med fleirkulturelt perspektiv
  • Pedagogisk kompetanse 
  • Gode digitale ferdigheiter, gjerne erfaring med Office 365 
  • Meget god skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk 

Det er ein fordel om du har: 

  • Erfaring frå offentleg forvaltning 
  • Erfaring med kontinuerleg forbetring, gjerne kjennskap til smidig arbeidsmetodikk 
  • Erfaring med prosjektleiing eller prosjektarbeid 
  • Erfaring med grafisk design 
  • Erfaring med produksjon av plakatar, illustrasjonar eller anna marknadsføringsmateriell 

Vi vil vektleggje at du kan dokumentere resultat frå arbeidsområde som er relevante for stillinga.

  

Personlige egenskaper:

  • Du identifiserer deg med UDIs kjerneverdiar: Menneskeverd, profesjonalitet og heilskap 
  • Du set deg raskt inn i komplekse fagområde og problemstillingar og er god til å sjå samanhengar 
  • Du er ein dyktig formidlar og er god til å formidle fag og regelverk på ein lettfatteleg måte 
  • Du er sjølvstendig, innovativ og løysingsorientert 
  • Du er ein lagspelar som har svært gode samarbeidsevner og er dyktig på å byggje relasjonar 
  • Du er strukturert, har stor arbeidskapasitet og trivst med å handtere mange arbeidsoppgåver parallelt 
  • Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø 
  • Du kan jobbe på tvers og samarbeide med ulike faggrupper 

Til denne stillinga legg vi stor vekt på personleg eignaheit.

  

Vi tilbyr:

Vi tilbyr ein variert og spennande arbeidskvardag med utfordrande oppgåver i ei verksemd med eit av Noregs viktigaste samfunnsoppdrag. Vi har høg fagleg kompetanse, stort engasjement og dyktige medarbeidarar. Verdenshendingar påverkar jobben vår direkte, og vi er vane med å justere oss raskt etter svingingane i migrasjonen til landet. Profesjonalitet, menneskeverd og heilskap er verdiane våre. Dei er viktige for oss og skal påverke korleis vi løyser oppgåvene våre kvar dag. I februar flytta regionskontoret inn i nye moderne kontorlokale, der det er lagt vekt på den nye aktivitetsbaserte måten å jobbe på. Vi vil få kreative kontorfellesskap og moglegheita for å trekkje oss tilbake i dei tilfella vi har behov for å jobbe meir konsentrert. 

Vi tilbyr gode som sommartid, trening i arbeidstida, fleksitid, moglegheit til å jobbe heime når oppgåvene tillèt det, og ikkje minst landets aller beste kollegaer (meiner vi). 

Vi meiner at inkludering og mangfald er ei styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil tilrettelegg for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid. Har du hol i CV-en din, funksjonsnedsetting, vil vi oppfordre deg til å krysse av for dette når du søkjer stilling hos oss. Vi kallar alltid inn minst ein kvalifisert kandidat frå kvar av desse gruppene til intervju. 

Praktisk informasjon: 

Stillingen er lønna som rådgivar/seniorrådgivar (1434/1364) i lønnsspennet frå 600 000 til 750 000. For spesielt kvalifiserte søkjarar kan høgare lønn vurderast. Eit lønnstrekk på to prosent gir deg gode ordningar for pensjon, lån og forsikringar i Statens pensjonskasse. 

Du søkjer på stillinga via søknadssystemet WebCruiter. Du må fylle ut WebCruiters CV og søknadsfelt sjølv om du vel å leggje ved søknad/CV i eige format i tillegg. Du må også leggje ved vitnemål, som lastar opp frå Vitnemålsportalen (vitnemalsportalen.no). Dersom du har utdanning frå utlandet, må den vere godkjent av NOKUT eller Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (hkdir.no). 

Når du søkjer jobb hos oss, vil namnet ditt stå på ei offentleg søkarliste. Det er mogleg å be om å bli utelatt frå denne lista. I så fall må du grunngje kvifor du ønskjer det. Viss vi besluttar at vi ikkje kan innvilge ønsket ditt, tar vi kontakt med deg. 

Ønskte oppstart snarast.

Aktuelle kandidatar vil bli invitert til intervju fortløpande, i tillegg er 8 og 9 juli sett av til intervju.