Bedrift
Fjord1 ASASøknadsfrist
19.05.2026Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
FergerUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5956, HUNDVIN
ALVER
Antall stillinger
1karriere-kode
6611875Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA
Fjord1 ASA
Dekkssjef i sommarrute og ressursgruppe i ein attraktiv 2:4-turnus!
Ferger
Denne stillinga er todelt. Frå om lag mai til og med september vil du vere fast disponert i sommarruta på sambandet Jondal – Tørvikbygd. Utanfor sommarsesongen blir du ein del av vår ressursgruppe i Vestland og bidreg til å sikre kontinuitet og stabil drift på tvers av fleire samband og reservefartøy. I denne rolla vil du vere utsjekka på fleire fartøy og tenestegjere på ulike samband etter behov.
Arbeidskvardagen blir variert, med ulike fartøy, ruter og utfordringar. Dette krev at du er erfaren, fagleg dyktig og trygg i rolla som dekkssjef.
Du får fast turnus og grunnlønn, med ei ordning på to veker arbeid og fire veker fri, noko som gir god balanse mellom jobb og fritid. Vi tilbyr gode arbeidsvilkår med 98-timars arbeidsavtale og oppstart etter avtale.
For å kunne utføre stillinga når ein inngår i ressursgruppa må du disponere eigen bil, då du vil ha teneste på ulike samband i regionen. Du vil få ein fast avløysingsavtale der arbeidsgjevar dekker reiseavstand som overstig 15 km mellom arbeidsstad og bustad.
Kvalifikasjoner:
- D3-sertifikat
- ROC/GMDSS-sertifikat
- Sikkerheitskurs i høve til kvalifikasjonsføreskrifta
- Ferdighetssertifikat medisinsk behandling
- Krise-og passasjerhandtering
- Gyldig helseattest
- Skandinaviske språkkunnskaper
Fjord1 dekker manglande krise- og passasjerhandteringskurs for aktuelle kandidatar.
Personlige egenskaper:
- Vi søker en ansvarlig og faglig sterk overstyrmann som kan bidra til sikker og effektiv drift av fartøyet. Du må være strukturert, ha gode lederegenskaper og et sterkt fokus på sikkerhet og kvalitet. Samarbeidsevner, besluttsomhet og evnen til å håndtere utfordringer er viktige egenskaper i rollen.
Vi tilbyr:
- Lønn vert gitt etter overenskomst mellom NHO Sjøfart, og Norsk Sjøoffiserforbund.
- Fast ansettelse i eit solid og anerkjent selskap.
- Eit inkluderande miljø med gode kollegaer.
- Skiftordning: 98 timars arbeidsvekeveke, 2 veker på, og 4 veker av.
- Ein kan bu om bord når ein er på vakt i sommarruta.
- Gode velferdsordningar: som mulegheita for å leige hytter og leiligheiter, og gode rabattordningar.
Bedrift
Fjord1 ASASøknadsfrist
19.05.2026Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
FergerUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5956, HUNDVIN
ALVER
Antall stillinger
1karriere-kode
6611875Se her for andre jobber fra Fjord1 ASA