Detaljer


DAGLEG LEIAR - HAMNESJEF

Aurland kommune sitt sjøområde omfattar Aurlandsfjorden og Nærøyfjorden, der Flåm og Gudvangen er dei mest trafi kkerte hamnene. Samla sett ligg trafikktala for i år for cruiseskip og lokalfartøy på 250 tusen og 500 tusen reisande. Arbeidet er sesongprega og dei fl este skipa kjem mellom 15. mai og 15. september, men både mars og oktober har anløp av cruiseskip. Det er heilårs rutesamband mellom Flåm og Gudvangen og i sommarhalvåret er det ekspressbåt til Bergen. Elles har kommunen godt veg- og jernbanesamband. Administrasjonen på 2 fulle stillingar held til i moderne kontor ved cruisekaien i Flåm. Omsetninga var i 2018 på kr.14,2 mill.

Arbeidsoppgåvene er stort sett fordelte mellom dagleg leiar og assisterande hamnesjef. Hamna har ISPS godkjenning og har eige sesongbasert vaktmannskap. Løn etter avtale. Administrasjonsspråket er nynorsk. Hamnevesenet er kommunalt føretak og dagleg leiar er underlagt hamnestyre. Hamnestyre på 5 personar er valt av kommunestyre for heile valperioden. Det er eigen instruks for dagleg leiar

Aurland Hamnevesen KF søkjer

DAGLEG LEIAR – HAMNESJEF

100% fast stilling

Sentrale arbeidsoppgåver:

• Gjennomføra og rapportera i tråd med styrevedtak
• Utarbeida budsjett og handlingsplanar
• Framlegging av rekneskap og årsmelding
• Sørga for implementering av HMS-standard og system
• Eigedomsforvaltning av god kvalitet
• Vera kontaktperson i.f.t Kystverket og andre hamnefaglege organ
• Fokusera på medarbeidarutvikling og fagleg styrking av organisasjonen
• Arbeida for gode miljøløysingar
• Sikra ei god verdiutvikling av eigedomar gjennom aktiv forvaltning og utvikling

Organisatorisk:

• Din næraste overordna er styret v/styreleiar
• Dagleg ansvar for drift av alle hamnefunksjonar og rapportering til styret

Vi søkjer etter person med desse kvalifi kasjonane:

• Leiarerfaring
• Samarbeidsorientert mot lokalt næringsliv
• Utadvendt og samarbeidsvillig
• Beherska norsk og engelsk munnleg og skriftleg
• Ha gode formulerings- og kommunikasjonsevner
• Stabilt humør og energisk arbeidsform
• Ingeniørutdanning frå høgskule/universitet eller anna relevant utdanning og praksis
• Fleksibel i.f.t reiseaktivitet, ubekvem arbeidstid og høg sesongaktivitet
• Fordel med erfaring frå forvaltning og politiske prosesser
• Gjerne erfaring frå eigedomsutvikling og -forvaltning
• Erfaring frå prosjektleiing
• Drivande og nytenkande innan effektiv og konkurransedyktig sjøtransport i regionen

Vi vektlegg utvikling, samarbeid og resultat.

For meir informasjon om stillinga:

Styreleiar Noralv Distad, mobil: 913 74 976 / E-post: noralv.distad@aurland.kommune.no

Hamnesjef Jostein Lange, mobil: 949 72 728 / E-post: jostein@aurlandhavn.no

Søknad innan 18. oktober 2019 til post@aurland.kommune.no


 
Prøv en stillingsannonse på karriere.no
  • 70.000+ unike brukere/mnd
  • Over 70.000 CVer registrert
  • Motta alle søknader ett sted
  • Integrasjon Nav, Finn og lokalaviser
  • Annonsering i sosiale medier