Bedrift
Aukra kommuneSøknadsfrist
27.07.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6480, AUKRA
AUKRA
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6658123Se her for andre jobber fra Aukra kommune
Aukra kommune
Dagleg leiar Aukra frivilligsentral
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Har du eit stort engasjement for frivilligheit, kultur og å skape møte mellom menneske?
Som dagleg leiar får du gleda av å vidareutvikle eit spennande samarbeid med dei frivillige i Aukra. Du har arbeidsstad på Aukra kulturhus og samarbeider tett med heile kulturtenesta i Aukra.
Arbeidsoppgåver
- Ansvar for dagleg drift av Aukra frivilligsentral
- Kontaktperson og samarbeidspart for frivillige i heile kommunen
- Ansvar for BUA Aukra (utlånssentral)
- Samarbeid med andre tenester i kommunen
- Informasjonsarbeid
Kvalifikasjonskrav
- Relevant høgare utdanning og/ eller anna relevant kompetanse
- Du arbeider sjølvstendig, er organisator, iverksettar og gjennomfører
- Du har god evne til å motivere og engasjere andre, er kreativ og glad i menneske
- Det er ønskeleg med musikkfagleg kompetanse, men ikkje eit krav
- Det blir lagt vekt på gode samarbeidsevner
- Kjennskap til kultur- og frivillig organisasjonsliv
- Interesse for prosjekt- og utviklingsarbeid.
- Grunnleggande kompetanse i digital kommunikasjon og administrative verktøy
- Bruke nynorsk som målføre
Vi tilbyr
- Utfordrande og spennande arbeidsoppgåver
- Dyktige kollegaer, eit godt arbeidsmiljø og tverrfagleg samarbeid
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Kommunale tilsetjingsvilkår og løn etter tariff
- Flyttegodtgjersle etter kommunalt regelverk
Særskilte krav
Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding
Mangfald
Aukra kommune er opptatt av mangfald, og vi oppmodar alle kvalifiserte kandidatar til å søke jobb hos oss. Aukra kommune er IA-verksemd, og vil legge til rette for søkarar med redusert funksjonsevne.
Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd
Søkarliste
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jf Offentleglova §25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.
Søknad sendast
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "søk på stilling".
Søknadsfrist: 27. juli 2026.
Kontaktperson: Kultursjef Anne Jorunn Sandøy, tlf. 959 07055
Sjå ein kort film om Aukra kommune her:
https://www.youtube.com/watch?v=nDe8ChkkXjI
Bedrift
Aukra kommuneSøknadsfrist
27.07.2026Ansettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
6480, AUKRA
AUKRA
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
6658123Se her for andre jobber fra Aukra kommune