Bedrift
Fikse Næringsutvikling SASøknadsfrist
16.11.2024Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastUtdanningskrav
Ikke påkrevetArbeidserfaring
Ikke påkrevetAdresse
5590, ETNE
ETNE
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5930682Se her for andre jobber fra Fikse Næringsutvikling SA
- Oppdatert 24.10.2024
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Fikse Næringsutvikling SA
Vil du vera med å utvikla næringslivet i Etne og Vindafjord?
Dagleg leiarFikse Næringsforening er ein interesseorganisasjon av og for bedriftene i Etne og Vindafjord. Nå søkjer me etter ny dagleg leiar som kan bidra til å vidareutvikla og gjera eit allereie sterkt og mangfaldig næringsliv enno betre gjennom arbeidet til næringsforeningen.
Fikse Næringsforening jobbar for at næringslivet samla og bedriftene kvar for seg skal ha best mogleg vilkår for å utvikla seg på ein god måte. Dette gjer me blant anna ved å vera næringslivet sitt talerøyr overfor myndighetene, bidra til at bedriftene får tak i flinke tilsette, og gi bedrifter og tilsette fagleg påfyll og nettverk.
Vi søkjer ny dagleg leiar
Er du klar for å forme næringslivet i Etne og Vindafjord?
Stilling: Dagleg leiar, Fikse Næringsforening
Søknadsfrist: 16.11.2024
Oppstart: Etter avtale
Arbeidsstad: Vindafjord og Etne
Fikse Næringsforening er ein viktig drivkraft for lokalt næringsliv, og vi søkjer ein handlekraftig leiar som kan vera eit sterkt talerøyr for bedriftene våre. I denne stillinga vil du få ei sentral rolle i å utvikle og synleggjere næringslivet, samt ivareta interessene til bedriftene både lokalt og nasjonalt.
Dine hovudoppgåver inkluderer:
• Synleggjering av bedrifter og jobbmoglegheiter
• Representasjon av næringslivet overfor myndigheiter på ulike nivå
• Tilrettelegging for fagleg påfyll og nettverksbygging gjennom kurs og bransjetreff
• Deltaking i innovasjonsprosjekt og næringsutvikling
• Drift og vidareutvikling av foreininga
Vi søkjer deg som har:
• Solid forretningsforståing, gjerne med erfaring frå næringslivet
• Kjennskap til offentleg forvaltning og politiske prosessar
• Høg gjennomføringsevne og evne til å handtere parallelle prosjekt
• Engasjement og evne til å samarbeide på tvers av interesser
• Initiativ, sjølvstende og fleksibilitet
Spørsmål til stillinga:
Styreleiar Anette Lauareid Hovda: anette@electio.no, tlf 90541044
Bedrift
Fikse Næringsutvikling SASøknadsfrist
16.11.2024Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastUtdanningskrav
Ikke påkrevetArbeidserfaring
Ikke påkrevetAdresse
5590, ETNE
ETNE
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5930682Se her for andre jobber fra Fikse Næringsutvikling SA
- Oppdatert 24.10.2024