Bedrift
SPAREBANKSTIFTINGA HARDANGERSøknadsfrist
04.10.2021Stillingsfunksjon
LederstillingAnsettelsesform
workTime.HeltidBransje
Bank, finans og forsikringUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
PåkrevetAdresse
5782, KINSARVIK
ULLENSVANG
NorgeAndre arbeidssteder
KinsarvikAntall stillinger
1karriere-kode
4084858Se her for andre jobber fra SPAREBANKSTIFTINGA HARDANGER
- Oppdatert 08.09.2021
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
SPAREBANKSTIFTINGA HARDANGER
DAGLEG LEIAR
Bank, finans og forsikring
Sparebankstiftinga Hardanger vart skipa den 1.11.2011 med forretningskontor i Ullensvang Herad. Bakgrunnen for etableringa av Sparebankstiftinga Hardanger var samanslåinga av Sparebanken Hardanger med Sparebanken Vest. Den eigenkapital som gjennom åra var opparbeidd i Sparebanken Hardanger vart tilført Sparebankstiftinga Hardanger.
Stiftinga sitt føremål er å forvalta eigenkapitalbevis som stiftinga vart tilført som grunnkapital ved skipinga og å stå for eit langsiktig og stabilt eigarskap i Sparebanken Vest. Stiftinga er største eigar av eigenkapitalbevis i Sparebanken Vest med ein eigardel på ca 11 prosent.
Sparebankstiftinga Hardanger skal fremja sparebankverksemd i tidlegare Sparebanken Hardanger sitt marknadsområde gjennom å eiga eigenkapitalbevis i Sparebanken Vest og disponera utbytte frå desse og andre plasseringar til ålmennyttige føremål. Ved disposisjonane sine skal stiftinga fyrst og fremst ta omsyn til det distriktet som har bygd opp grunnfondet til tidlegare Sparebanken Hardanger.
Ved verksemda si skal stiftinga gjennom eigarskapen sin i Sparebanken Vest, og vidareføring av sparebanktradisjonane, sikra eit godt regionalt forankra banktilbod på Voss, og i Hardanger regionen. Elles kan stiftinga stå for anna verksemd som kan sameinast med nemnde føremål og dei rammer som til ei kvar tid fylgjer av regelverket for sparebankstiftingar.
Stiftinga skal i tillegg plassera midlane på ein føremålstenleg og trygg måte ut frå omsynet til trygd, risikospreiing, likviditet og avkasting.
Totalkapitalen i stiftinga var på 1,17 milliard kroner ved utgangen av 2020.
Sjå også www.hardangerstiftinga.no
Sparebankstiftinga Hardanger skal fremja sparebankverksemd i tidlegare Sparebanken Hardanger sitt marknadsområde gjennom å eiga eigenkapitalbevis i Sparebanken Vest og disponera utbytte frå desse og andre plasseringar til ålmennyttige føremål.
Ansvarsområde:
- Utøva eigarskapen i Sparebanken Vest i tett samarbeid med styret i stiftinga
- Forvalta stiftinga si finansielle portefølje
- Byggja opp stiftinga slik at den er i stand til å oppfylla føremålet og minst opprettheld verdien
- Utvikla samarbeidet mellom bank og stifting slik at tildeling av gåvemidlar skjer på ein effektiv måte i samsvar med stiftinga sine vedtekter og retningsliner
- Sikra kunnskap og kontakt med kommunar, næringsliv og kulturlivet i Hardanger og Voss som utgangspunkt for disponering av gåvemidlane
- Sikra at dagleg drift av stiftinga skjer i samsvar med lover, vedtekter og styrefastsette råmer
- Relevant og god rapportering til stiftinga sitt styre
Relevant røynsle/kunnskap:
- Høgare relevant utdanning
- Røynsle frå utadretta stilling, gjerne ein person med eit godt omdøme i regionen
- Kunnskap til å etablera og driva naudsynte prosessar/mandat for trygg kapitalforvaltning
- Leiarrøynsle
- Kjennskap til Hardanger og Voss, og relasjonar til næringsliv og samfunnsliv i området
- Erfaring frå styrearbeid vil vera ei føremon
Personlege eigenskapar:
- Gode samarbeids- og relasjonsevner
- Operativ og strukturert
- Nyskapande og endringsorientert tankesett
- Målretta og strategisk legning med sterk operativ gjennomføringsevne
- Tydeleg kommunikator
Me tilbyr:
- Ei spennande leiarstilling med eit tydeleg langsiktig strategisk fokus
- Leiing av ei stifting med betydelege moglegheiter for å bidra til vekst i Hardanger og Voss
- Kontor hjå stiftinga i Kinsarvik
- Fleksibel arbeidstid, noko reiseverksemd
- Konkurransedyktige vilkår
Nærare informasjon får du ved å ta kontakt med styreleiar Per Berge, telefon 916 73 014, eller til rådgjevaren vår; Atle Bønes, Bønes Virik AS, telefon 928 89 420.
Bedrift
SPAREBANKSTIFTINGA HARDANGERSøknadsfrist
04.10.2021Stillingsfunksjon
LederstillingAnsettelsesform
workTime.HeltidBransje
Bank, finans og forsikringUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
PåkrevetAdresse
5782, KINSARVIK
ULLENSVANG
NorgeAndre arbeidssteder
KinsarvikAntall stillinger
1karriere-kode
4084858Se her for andre jobber fra SPAREBANKSTIFTINGA HARDANGER
- Oppdatert 08.09.2021