• Bedrift
    Kraftkompetanse KO
  • Søknadsfrist
    21.10.2020
  • Stillingsfunksjon
    Lederstilling
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav
    Ønskelig
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3890, VINJE
    VINJE
    Norge
  • Andre arbeidssteder
    Vinje
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3195030
  • Se her for andre jobber fra Kraftkompetanse KO
  • Oppdatert 02.10.2020

Utgått annonse

Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert

Kraftkompetanse KO

Dagleg leiar

Offentlige tjenester og forvaltning

Har du lyst på nye utfordringar og ei viktig nøkkelrolle?

Vinje som vertskommune og Øvre Telemark har eventyrlege naturomgjevnader med fjellområder og friluftslivstilbod. Regionen har moderne bygdesamfunn og utviklar kompetansearbeidsplassar parallelt med turisme og servicenæringar. Velkomen til eit liv med lite kø, frisk luft og nærleik til alt som er viktig.

Vi søker etter ein strukturert og strategisk orientert leiar. Du må ha evne til å leie og utvikle ein organisasjon med brukarfokus både mot eigne tilsette, kommunane og regionens innbyggjarar. Du må ha eit heilskapleg syn og bidra i arbeidet med kommunane sine utfordringar innan dei aktuelle fagområda. Du må fremje godt og effektivt samarbeid med eigarkommunane og med eksterne aktørar.

Arbeidsoppgåver

  • utvikle oppgåvefellesskapet i samarbeid med eigarkommunane
  • styrke samarbeidet med kommunar, fylkeskommune, interesseorganisasjonar, institusjonar, fagmiljø om kompetansedeling og kompetanseutvikling
  • arbeide med faglege problemstillingar og utgreiingsoppgåver
  • rettleie og hjelpe kommunar i faglege spørsmål innan kraft, miljø og naturressursforvaltning
  • samarbeide nært med Konsesjonskraftstyret om kommunane si forvaltning av konsesjonskraft

Kvalifikasjonar

  • høgare relevant utdanning
  • relevant leiarerfaring
  • god innsikt i offentleg forvaltning
  • forståing for politiske prosessar
  • erfaring med prosjektleiing

Personlege eigenskapar

  • må skape tillit hjå eigarane og kommunisere godt med alle nivå i offentleg forvalting
  • ha evna til å skape entusiasme og få andre til å trivast
  • ha erfaring med, og evne til å arbeide strategisk
  • meistre rolla som initiativtakar, igangsetjar og pådrivar
  • ha god sjølvinnsikt og respekt for andre
  • trivast med å jobbe både sjølvstendig og i team
  • ha stor arbeidskapasitet

Personlege eigenskapar vil bli tillagt stor vekt.

Vi tilbyr

  • spanande og meiningsfylte arbeidsoppgåver
  • løn og øvrige vilkår etter avtale
  • god pensjonsordning


Jfr. offentleglova § 25 pliktar arbeidsgjevar å gjere søkjarar merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om å bli unnateke det offentlege. Styret i Kraftkompetanse KO vil varsle søkjarar som har bede om unntak frå offentleggjering viss dette ønskjet ikkje kan imøtekommast.

Nærare opplysningar om stillinga kan du få av styreleiar Steinar Bergsland – tlf. 40 40 25 13

Søknadsfrist: 21.10.2020


Om arbeidsgiveren

Kraftkompetanse KO er eit samarbeid mellom Vestfold og Telemark fylkeskommune og kommunane Hjartdal, Tinn, Vinje, Tokke, Fyresdal, Kviteseid, Seljord og Nissedal. Kontorstad for selskapet er Åmot i Vinje.

Kraftkompetanse KO skal
•bidra til at kommunane og fylkeskommunen sine lovbestemte og tildelte rettar som vertskommunar for kraftproduksjon blir ivaretekne på best mogleg måte•ta vare på og utvikle betydeleg og verdfull kompetanse og gjere kommunane mindre sårbare
•medverke til at regionens naturressursar vert ivaretekne og nytta i form av miljøverdiar, til næringsutvikling og som viktige inntektskjelder i kommuneøkonomien
•utvikle eit regionalt kompetansesenter for kraft- og naturressursar

 

  • Bedrift
    Kraftkompetanse KO
  • Søknadsfrist
    21.10.2020
  • Stillingsfunksjon
    Lederstilling
  • Ansettelsesform
    workTime.Heltid
  • Bransje
    Offentlige tjenester og forvaltning
  • Utdanningskrav
    Ønskelig
  • Arbeidserfaring
    Ønskelig
  • Adresse
    3890, VINJE
    VINJE
    Norge
  • Andre arbeidssteder
    Vinje
  • Antall stillinger
    1
  • karriere-kode
    3195030
  • Se her for andre jobber fra Kraftkompetanse KO
  • Oppdatert 02.10.2020