Bedrift
Kvam Herad i BrønnøysundSøknadsfrist
01.09.2024Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5847177Se her for andre jobber fra Kvam Herad i Brønnøysund
- Oppdatert 15.08.2024
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Kvam Herad i Brønnøysund
Controller
Offentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Vil du ha ei sentral rolle i kommunen sitt controllerteam?
No kan du søkja ei interessant stilling i ein organisasjonen med over tusen tilsette og bli ein del av eit fagmiljø som har fokus på god og effektiv bruk av fellesskapet sine midlar. Me søkjer deg som er ambisiøs, har evne til å sjå oppgåver, moglegheiter og løysingar til det beste for vår kommune!
I stillinga som controller inngår du i eit team med 5 controllerar og vert ein viktig del av den økonomiske og analytiske kompetansen i Kvam herad. Arbeidsoppgåvene er varierte og utfordrande og me ynskjer deg som kan vera pådrivar for forbetringsarbeid som forenklar og effektiviserer.
Me gler oss til å treffa deg som er motivert for jobba innan dette varierte og spanande fagfeltet!
Kvam herad forvaltar store økonomiske ressursar, både i drifts- og investeringsmidlar og eigedelar. I 2023 var driftsutgiftene på 1,1 milliardar kr. Ein del av arbeidsoppgåvene til avdelinga er å utarbeida økonomiske rapportar. Her kan du lesa Budsjett og økonomiplan 2024-2027
Arbeidsoppgåver
Som controller får du ansvar for økonomisk oppfølging av budsjett og skal vera ein pådrivar i budsjett-, rekneskap, analyse- og rapporteringsprosessar. Det er eit stort digitaliseringsfokus i heradet og controllerane er viktige bidragsytarar. Me nyttar Visma Pluss, Framsikt og Excel som daglege arbeidsverktøy. Oppgåvene kan verta tilpassa litt etter kvalifikasjonar og behov.
- Controllerarbeid knytt til budsjett og rekneskap
- Aktivt følgja opp leiarane i dei ulike einingane med rådgjeving innan økonomistyring
- Samarbeida med einingane om å utvikle gode og framtidsretta kommunale tenester
- Jobbe med analysearbeid og være ein viktig bidragsytar for å vidareutvikla viktige tenester for innbyggjarane i kommunen
- Medverka i utarbeiding av budsjett, økonomiplan, perioderapportar og årsmelding
- Væra pådrivar for forbetringsarbeid og kontinuerlig leita etter forenkling og effektivisering av prosessar
- Avstemming og kontroll av rekneskap
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning på master eller bachelor nivå
- Erfaring frå liknande stilling/fagfelt er ynskjeleg, men ikkje eit krav. Er du nyutdanna vil du få god opplæring og støtte frå kunnskapsrike kollegaer
- God presentasjonsevne og evne til å formidla analytisk informasjon
- God digital kompetanse og interesse
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som er sjølvstendig, analytisk og strukturert. Du er ambisiøs, og har evne til å sjå oppgåver, muligheiter og løysingar til det beste for Kvam herad. Du er god til å samarbeida og kommunisera med alle deler av organisasjonen, både skriftleg og munnleg. Du jobbar godt både sjølvstendig og saman med andre og du trivst med travle arbeidsdagar.
I tillegg ynskjer me at du:
- er nytenkjande, nysgjerrig og set deg raskt inn i nye områder og oppgåver
- jobbar strukturert, sjølvstendig og har gode analytiske ferdigheiter
- har evne til å jobba under tidspress og levera som avtalt
- ser heilskapen og har blikk for dei store linjene, men samtidig ser dei viktige detaljane
- har interesse for utvikling og bruk av IT-verktøy som forbetrar arbeidsprosessar
Vi tilbyr
- Tverrfagleg og godt arbeidsmiljø der me jobbar saman om å utvikla kvarandre og Kvam herad
- Spennande, meiningsfull og utfordrande arbeidsoppgåver hjå ein viktig samfunnsaktør som er i stor endring
- Ein sjølvstendig arbeidskvardag med moglegheit for personleg og fagleg utvikling
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
- Fleksitid
Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ynskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Bedrift
Kvam Herad i BrønnøysundSøknadsfrist
01.09.2024Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5847177Se her for andre jobber fra Kvam Herad i Brønnøysund
- Oppdatert 15.08.2024