Bedrift
Kvam Herad i BrønnøysundSøknadsfrist
11.08.2024Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5791236Se her for andre jobber fra Kvam Herad i Brønnøysund
- Oppdatert 21.06.2024
Utgått annonse
Søknadsfristen for denne jobbmuligheten er passert
Kvam Herad i Brønnøysund
Rekneskap og analyse har ledig ei ufordrande og interessant stilling som controller
ControllerOffentlig forvaltning - Kommuneadministrasjon
Me søkjer deg som er ambisiøs, har evne til å sjå oppgåver, moglegheiter og løysingar til det beste for vår kommune!
I stillinga som controller inngår du i eit team med 5 controllerar og vert ein viktig del av den økonomiske og analytiske kompetansen i Kvam herad. Arbeidsoppgåvene er varierte og utfordrande og me ynskjer deg som kan vera pådrivar for forbetringsarbeid som forenklar og effektiviserer.
Kvam herad forvaltar store økonomiske ressursar, både i drifts- og investeringsmidlar og eigedelar. I 2023 var driftsutgiftene på 1,1 milliardar kr. Ein del av arbeidsoppgåvene til avdelinga er å utarbeida økonomiske rapportar. Her kan du lese Budsjett og økonomiplan 2024-2027
Arbeidsoppgåver
Som controller får du ansvar for økonomisk oppfølging av budsjett og skal vera ein pådrivar i budsjett-, rekneskap, analyse- og rapporteringsprosessar. Det er eit stort digitaliseringsfokus i heradet og controllerane er viktige bidragsytarar. Me nyttar Visma Pluss, Framsikt og Excel som daglege arbeidsverktøy. Oppgåvene kan verta tilpassa litt etter kvalifikasjoner og behov.
- Controllerarbeid knytt til budsjett og rekneskap
- Aktivt følgja opp leiarane i dei ulike einingane med rådgjeving innan økonomistyring
- Samarbeida med einingane om å utvikle gode og framtidsretta kommunale tenester
- Jobbe med analysearbeid og være ein viktig bidragsytar for å vidareutvikla viktige tenester for innbyggjarane i kommunen
- Medverka i utarbeiding av budsjett, økonomiplan, perioderapportar og årsmelding
- Væra pådrivar for forbetringsarbeid og kontinuerlig leita etter forenkling og effektivisering av prosessar
- Avstemming og kontroll av rekneskap
Kvalifikasjonar
- Relevant økonomisk utdanning på master eller bachelor nivå
- Erfaring frå liknande stilling/fagfelt er ynskjeleg, men ikkje eit krav
- God presentasjonsevne og evne til å formidla analytisk informasjon
- God digital kompetanse og interesse
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
Personlege eigenskapar
Me ser etter deg som er sjølvstendig, analytisk og strukturert. Du er ambisiøs, og har evne til å sjå oppgåver, muligheiter og løysingar til det beste for Kvam herad. Du er god til å samarbeida og kommunisera med alle deler av organisasjonen, både skriftleg og munnleg. Du jobbar godt både sjølvstendig og saman med andre og du trivst med travle arbeidsdagar.
I tillegg ynskjer me at du:
- er nytenkjande, nysgjerrig og set deg raskt inn i nye områder og oppgåver
- jobbar strukturert, sjølvstendig og har gode analytiske ferdigheiter
- har evne til å jobba under tidspress og levera som avtalt
- ser heilskapen og har blikk for dei store linjene, men samtidig ser dei viktige detaljane
- har interesse for utvikling og bruk av IT-verktøy som forbetrar arbeidsprosessar
Vi tilbyr
- Tverrfagleg og godt arbeidsmiljø der me jobbar saman om å utvikla kvarandre og Kvam herad
- Spennande, meiningsfull og utfordrande arbeidsoppgåver hjå ein viktig samfunnsaktør som er i stor endring
- Ein sjølvstendig arbeidskvardag med moglegheit for personleg og fagleg utvikling
- Løn etter gjeldande tariffavtale og lokalt lønssystem
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Generell informasjon:
Den kommunale organisasjonen skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i befolkinga. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing når det gjeld alder, kjønn og kulturell bakgrunn. Kvam herad ynskjer å inkludera og leggja til rette for personar med nedsett funksjonsevne. I Kvam herad er det offisielle styringsmålet nynorsk. Alle tilsette i alle kommunale organ pliktar å nytta nynorsk skriftspråk i tenesta. Me gjer merksam på at etter offentleglova § 25 kan opplysningar om søkjaren bli offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje vert teke til følgje, vert søkjaren varsla om dette.
Bedrift
Kvam Herad i BrønnøysundSøknadsfrist
11.08.2024Heltid/Deltid
HeltidAnsettelsesform
FastBransje
Offentlig forvaltning - KommuneadministrasjonUtdanningskrav
PåkrevetArbeidserfaring
ØnskeligAdresse
5600, NORHEIMSUND
KVAM
NorgeAntall stillinger
1karriere-kode
5791236Se her for andre jobber fra Kvam Herad i Brønnøysund
- Oppdatert 21.06.2024