Detaljer


CNC OPRERATØR

Gjeraldstveit Mekaniske AS har røter tilbake til 1972 og har vore i stor utvikling dei siste åra når det gjeld produksjonskapasitet og prosjektgjennomføring. Gjeraldstveit Mekaniske AS produserer og leverer stål og aluminiumskonstruksjonar til bygg, anlegg og industri. Dette arbeidet ynskjer me å vidareføra. Bedrifta held til i nye produksjons- og kontorlokale like utanfor Voss sentrum. Bedrifta er NS-EN 1090 godkjent.

CNC OPERATØR

Vår produksjonshall består blant anna av eit CNC brennebord og FICEP maskineringssenter for profilar. Me søker ein person som kan operera desse maskinane. Erfaring med slike maskinar er ynskjeleg, men ikkje eit krav om du er lærevillig. Du vil få opplæring. Stillinga vil også bestå av andre oppgåver, og det kan forventast at arbeidsdagen er variert og interessant om du likar å produsera konstruksjonar av ulike slag. Har du spørsmål vedrørande stillinga, ta gjerne kontakt.

Kvalifikasjonar:

  • Meistra norsk, skriftleg og munnleg
  • Naudsynt kompetanse, gjerne relevant fagbrev
  • Lika varierte oppgåver og utfordringar
  • Kan arbeida både sjølvstendig og i team

For meir informasjon: www.gjeraldstveit.no

Narve 416 78 080 eller Olav 948 03 094

Søknad med CV sender du til olav@gjeraldstveit.no Frist: SNARAST

Gjeraldstveit Mekaniske AS, Brynaskogen 9, 5705 VOSS

Telefon: 990 46 769 / 56 51 25 29 E-post: narve@gjeraldstveit.no