Spørsmål rettes til

Ida Eide
tlf: 99368003

Stiftinga Hardanger og Voss museum AS

Bygningsvernskonsulent

Museer og historiske bygninger

Hardanger og Voss museum er den største kulturinstitusjonen i regionen. Museet har sett som mål at ein gjennom fagleg arbeid og stort engasjement skal vera ein sentral samfunnsaktør i regionen. Verksemda har vel 60 årsverk og omkring 60 millionar i omsetnad. Stillinga rapporterer til avdelingsleiar ved Voss folkemuseum.

Som bygningsvernskonsulent vil du fylgja opp og gjennomføra aktivitetar knytt til bygningsvern både lokalt og regionalt. Voss har mange historiske bygningar og kulturmiljø, og du vil vera ein viktig bidragsytar til bevaring av kulturminna i regionen. Rolla byr på ein variert og sjølvstendig kvardag der du vil arbeida tett med handverkarar, eigarar, forvalting og kulturvernfaglege tilsette.

Me leitar etter ein dyktig bygningsvernskonsulent med dokumentert kompetanse og engasjement for bygningsvern og formidling. Du vert motivert av ei spanande og rådgjevande rolle innan kulturfeltet.

ANSVAR OG ARBEIDSOPPGÅVER:

  • Vera ein ressurs og rådgjevar for bygga Voss folkemuseum forvaltar
  • Vera ein rådgjevar og støtte til kommunar og innbyggjarar når det gjeld verneverdige bygg
  • Bistå med søknadsskriving, teknisk dokumentasjon og rapportering til eksterne finansieringskjelder
  • Kunnskapsutvikling knytt til byggeskikk og andre aktuelle tema
  • Bidra til formidling og auka interesse for bygningsvern
  • Halda seg oppdatert på utviklinga innanfor feltet og delta i relevante nettverk og fora
  • Andre museumsfaglege oppgåver

ØNSKA KVALIFIKASJONAR:

  • Relevant høgare utdanning er ynskjeleg, til dømes arkitektutdanning, bygningsvernfag, kunst- og kulturhistoriske fag
  • Kjennskap til bygningsarkeologiske undersøkingar
  • Kjennskap til byggeskikk og teknisk dokumentasjon
  • God digital kompetanse
  • Gode språkkunnskapar på nynorsk og engelsk, skriftleg og munnleg

Talent, nysgjerrigheit og evne til å læra er viktigast. Dersom du har spisskompetanse på noko av det me er på jakt etter, og har ambisjoner og eit ynske om å utvikla deg vidare, oppmodar vi deg til å visa interesse for stillinga.

PERSONLEGE EIGENSKAPAR:

  • Utviklingsorientert med stor fagleg interesse og engasjement
  • Initativtakar med god gjennomføringsevne
  • Gode formidlings- og kommunikasjonsevner
  • ​​Gode samarbeidsevner og god serviceinnstilling

Me tilbyr spanande og varierte utfordringar. Du vert del av eit kunnskapsrikt og inspirerande arbeidsfellesskap. Regionen har eit mangfaldig kulturtilbod, og moglegheitene for friluftsliv på fjell og fjord er aldri langt unna. Museet tilbyr konkurransedyktig løn, gode pensjons- og forsikringsordningar, bedriftshelseteneste og velferdsordningar.

Arbeidsstad vil vera ved Voss folkemusem. Det må påreknast noko reiseverksemd.

Hardanger og Voss museum som organisasjon skal i størst mogleg grad spegla mangfaldet i det norske samfunnet. Målet er difor å oppnå ei balansert samansetjing av tilsette i høve alder, kjønn og kulturell bakgrunn.

For meir informasjon, ta kontakt med rekrutteringspartnaren vår HAMNØY AS ved, rådgjevar Cathrine Vikse Johnsen, tlf. 976 09 098 eller rådgjevar Ida Eide, tlf. 993 68 003.

Vis interesse for stillinga ved å registrera CV-en og søknaden din snarast. Attestar og vitnemål skal leggjast ved søknaden. All kontakt blir handsama konfidensielt – også overfor oppdragsgjevar i innleiande fase dersom det er ønskjeleg.

Søknadsfrist: 6. februar 2023 – søknader vert vurdert fortløpande.

 

Spørsmål rettes til

Ida Eide
tlf: 99368003

Stillingsannonse i Hordaland Folkeblad
  • Ditt lokale arbeidsmarked
  • Del annonsen i eget nettverk
  • Over 100.000 CVer registrert
  • Motta alle søknader ett sted
Legg ut jobbannonse